Feiring jernverk

Koordinatar: 60°32′22.301″N 11°9′44.946″E / 60.53952806°N 11.16248500°E / 60.53952806; 11.16248500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°32′22.301″N 11°9′44.946″E / 60.53952806°N 11.16248500°E / 60.53952806; 11.16248500 Feiring jernverk låg ved Skreikampen i den tidlegare Feiring kommune, som i dag er ein del av Eidsvoll kommune. Jernverket var i drift frå 1806 fram til 1819.

Carsten Anker byrja bygginga av Feiring Jernverk i 1799. Anker hadde kjøpt Eidsvoll Verk i 1794 av dåverande verkseigar Iver Elieson, og ynskte å forenkle produksjonen ved dette verket ved å la det nye, lokale verket smelte råjern frå gruvemalmen og transportere dette råjernet til Eidsvoll Verk for vidare foredling. Jernverket på Eidsvoll, som hadde vore i drift sidan 1600-talet, hadde i all tid henta jernmalmen frå gruver i Feiring, mellom anna Pålsgruva og Flesvikgruva.

Verket vart oppsett ved Torgunrudelva, høgt oppe i åsen, like på oversida av Kastfossen. Det nye verket trong ei elv til å drive knuseverket for malmen og blåsebelgen til masomnen. Torgunrudelva, som alt var delvis regulert til møller og sagbruk, vart valt, og Anker fekk bygd to nye dammar. Den eine, Atthaldsdammen ligg mellom verket og Bladtjern og eksisterer i dag (sjølv om steinkiste-demninga er borte). Den andre dammen, rett nord for verket, kan ein berre sjå spora av.

Råjernet vart transportert på Verkensvegen nedover åsen til Sotodden ved Torgunrud, der det vart lasta opp i føringsbåtar (sjå føringsbåt (Mjøsa) og Torgunrudbåten) og frakta vidare sørover på Mjøsa.

Carsten Anker flytta i 1811 inn i Eidsvollsbygningen, men lèt oppføre eit lysthus ved Feiring Jernverk, på ein topp nord for Stefferudkollen. Denne toppen heiter i dag Lysthuskampen. I samband med prins Christian Frederik si ferd gjennom Noreg før riksmøtet på Eidsvoll i 1814, besøkte Carsten Anker og den danske arveprinsen Feiring Jernverk 8. juni 1813. Dei kryssa Mjøsa med båt, tok båten frå gården Skrårud på Morskogen til Sotodden ved Torgunrud. I det høvet vart det støypt ei minneplate med følgjande inskripsjon: Christian Frederik/Prins til Dannem. Og Norge/bivaanede et utslag/af Fejrings marsovn/den 8. juni 1813./ Dette verk nød saadan hæder/skiønne dag dit minde glæder/.

Forvaltaren ved Feiring Jernverk var tysk, og heitte Klouman. I brevvekslinga mellom Klouman og Anker kjem det fram at under krigen mot Sverige i 1814 hysa Torgunrud gard to svenske soldatar som forvaltar Kloumann sette i arrest på jernverket.

Napoleonskrigane, med britisk blokade av norske hamner, gjekk hardt utover Ankers inntekter på eksport av trelast og jern. Samstundes sat han i særs høg gjeld, særleg skattegjeld. Under den store brannen på trelasttomtene i Bjørvika i Oslo i 1819, gjekk dessutan store mengder utrygda trelast tapt. Anker var lenge optimist og venta til 1821 med å seie opp forvaltar Klouman. Men då Finansdepartementet i 1822 kravde innbetalt skyldig skatt, klarte ikkje Carsten Anker å dekke kravet og vart slått konkurs. Bygningane ved Feiring Jernverk vart selde på auksjon.

Jernverksområdet i dag[endre | endre wikiteksten]

Feiring jernverk er eit av de best bevarte jernverksområda i Noreg frå tida etter den industrielle revolusjonen. Hustuftene har stått nesten heilt urørte fram til i dag. Jernverkstuftene og restane etter masomnen er blitt restaurerte, og Eidsvoll historielag har sett opp informasjonstavler på verksområdet. Jernverket, Eidsvoll bygdetun og Okkupasjonsmuseet utgjer til saman Eidsvoll museum.

Feiring Jernverk si historie blir i dag halde levande gjennom eit skodespel som årleg blir spelt i Jernverkshelga i august.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]