Feitthalesau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Feitthalesau i Afghanistan.
Feitthalesau på ein marknad i Kina.

Feitthalesau eller tjukkhalesau er typar av sau som er vanlege i det nordlege Afrika, Midt-Austen, Pakistan, Nord-India, Vest-Kina og Sentral-Asia.

Nemninga feitthalesau kjem seg av den feittfylte halen med opplagsnæring som desse sauene har, og som gjer at dei kan leve under særs karrige og vekslande naturtilhøve. Til liks med kamel og dromedar, som samlar seg næring i pukkelen på ryggen, samlar desse sauene seg næring i hale og bakpart. Feittavleiringa i halen kan vege opp mot ti kilo. Den mest kjende rasen av feitthalesauene er truleg karakulsau.