Fel-Jakup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fel-Jakup (2. februar 182127. juli 1876) eller Jakop Olsen Felodden var ein vidkjend spelemann. Fel-Jakup vart også kalla Fel-guten og på vestlandet for Loms-Jakup. Han hadde ein høgt utvikla teknikk, og mange av slåttane hans kravde posisjonsspel. Truleg er han den mest kjende spelemannen på vanleg fele, og har vore samanlikna med Myllarguten og hardingfelemusikken.

Jakup vart fødd i Skjåk utanfor ekteskap og sett på legd i 7-års alderen. Allereie i undomsåra vart han lagd merke til for felespelet sitt. I store delar av livet reiste han omkring i Gudbrandsdalen, Nordfjord, på Sunnmøre, i Romsdalen, på Nordmøre og på Oppdal, og han fekk mykje å seie både for spelestil og repertoar. Han spreidde den nyare dansemusikken, runddansslåttane, valsespelet, og springdansen. Fel-Jakup reiste også rundt saman med Fant-Karl eit par år midt på 1840-talet, og lærte mykje av han.

Fel-Jakup er den spelemann som har sett størst merke etter seg i Ottadalen. Han var det store idealet i samtida og for spelemenn i seinare tid. Ei mengd slåttar er knytt til Fel-Jakup-namnet. Mellom dei mest kjende er Lomsvogga og Vindfluguleiken.

Meisterspelemannen Rikkar Skjelkvåle frå Skjåk vidareførte speltradisjonen etter Fel-Jakup. Tvillingbrørne Alfred og Mattias Bismo frå Skjåk var dei fremste læresveinane til Rikkar Skjelkvåle.

Han var busett på husmannsplassen Felodden på Nordberg i Skjåk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]