Feldkirch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsyn over Feldkirch

Feldkirch er ein by og ein kommune i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike, administrasjonssete i distriktet Feldkirch. Kommunen, den aller vestlegaste i heile Austerrike, dekker eit areal på 34,3 km² med knapt 32 000 ibuarar i 2015. Byen er den 13. største i folketal i Austerrike og ligg 458 meter over havet.

I Feldkirch er det både sjukehus, musikkonservatorium og lærarhøgskule, samt fleire andre større offentlege institusjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]