Felix Neureuther
Utsjånad
| Felix Neureuther | |
| Statsborgarskap | Tyskland |
| Fødd | 26. mars 1984 (42 år) München |
| Idrett | alpint |
| Tok del i | Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014 |
Felix Neureuther (fødd 26. mars 1984) er ein tysk tidlegare alpin skirennar frå Garmisch-Partenkirchen. Han var slalåm-spesialist, sanka medalje i øvinga under verdsmeisterskapane 2013-17. Etter sølvmedalje i 2013 vart det bronse i VM 2015 og VM 2017. I VM i alpine greiner 2005 vann han gull i mannskapstevlinga, saman med mellom andre Martina Ertl og Hilde Gerg. Felix Neureuther sigra i 13 verdscuprenn, 11 av desse i slalåm, medan eitt kvar var i storslalåm og i parallellrenn.
Han er gift med skiskyttaren Miriam Gössner. Foreldra hans er Rosi Mittermaier og Christian Neureuther, som begge hevda seg i toppen av internasjonal alpin skisport.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Felix Neureuther» frå Wikipedia på tysk, den 17. januar 2022.