Félix Vallotton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Felix Vallotton)
Félix Vallotton

Statsborgarskap Sveits, Frankrike
Fødd 28. desember 1865
Lausanne
Død

29. desember 1925 (60 år)
Neuilly-sur-Seine, Paris

Yrke kunstmålar, bilethoggar, kunstkritikar, grafikar, tresnitt, illustratør, romanforfattar, grafikar, skribent, grafikar, biletkunstnar, avisredaktør
Språk fransk
Sjanger portrett, landskapsmåleri, sjangermåleri, mytologisk maleri, akt, sjølvportrett, stilleben
Medlem av Les Nabis
Ektefelle Gabrielle Bernheim
Signatur
Félix Vallotton på Commons

Félix Edouard Vallotton (28. desember 186529. desember 1925) var ein sveitsisk-fransk kunstmålar, grafikar, treskjerar og forfattar. Han er særleg kjend for å ha spela ei viktig rolle i utviklinga av tresnittet.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Vallotton var fødd i Lausanne, og voks opp i ein konservativ middelklassefamilie. Sytten år gammal drog han til Paris, der han på Acadèmie Julian utdanna seg til målar hos Gustave Boulanger og Jules Lefebre. Han var fascinert av målarkunsten til Hans Holbein, Albrecht Dürer og Jean Auguste Dominique Ingres, påverknader frå desse kan sporast i målarkunsten hans. I 1885 deltok han på ei utstilling på Salon des Artistes Français. Samstundes byrja han å føre ei kronologisk liste over verka sine, noko han heldt fram med til han døydde. Desse tidlege åra måla han helst portrett i akademistil. I 1890 deltok han i Bern på den første nasjonale utstillinga av sveitsisk målarkunst. Året etter stilte han ut i Salon des Independents i Paris.

Badarar ein sommarkveld, 1892-93
Natta, 1897
Portrett av Gertrude Stein, 1907
Stranda i Honfleur, 1917


Gjennom 1890-åra vart Vallotton særleg påakta for sine tresnitt. Verka syner påverknad både frå post-impresjonisme, symbolisme og særleg frå japansk tresnitt; ei stor utstilling av ukiyo-e-trykk hadde vorte utstilt ved École des Beaux-Arts i 1890. Vallotton og mange andre kunstnarar vart begeistra av japansk kunst. Han laga sitt første tresnitt i 1891, eit portrett av Paul Verlaine. Dei mange tresnitta han laga var nyskapande, og Vallotton vart leiande i gjenopplivinga av tresnitt som kunstnarisk medium. Stilen i tresnitta hans er prega av store flater med svart og/eller kvitt. Han framheva form og flate mønster, og utelet modellering. Arbeida hans, med sine harde svarte og kvite kontrastar, var ein sensasjon i magasin som La Revue Blanche og Pan.

Tresnitta viste typar meir enn individ, og heldt seg unna sterke kjensleuttrykk. Vallotton sin grafiske kunst nådde sitt høgste i Intimités (Intimitetar), ein serie med ti interiørbilete som handlar om spenninga mellom menn og kvinner. Desse vart publisert i 1898 i La Revue Blanche. Vallotton sine tresnitt vart spreidde i tidsskrift og bøker i Europa og i USA, og skal ha verka inn på den grafiske kunsten til Edvard Munch, Aubrey Beardsley og Ernst Kirchner.

I målarkunsten var han påverka av Gustave Courbet og Édouard Manet, men la særleg vekt på tydelege riss og tilførte figurane ein større plastisitet. Etter han gifta seg i 1899 vigde han seg i hovudsak til måling.

Frå 1892 var Vallotton tilslutta Les Nabis, ei gruppe unge kunstnarar. Folk som Pierre Bonnard, Ker-Xavier Roussel, Maurice Denis og Édouard Vuillard var med i gruppa. Vallotton danna eit livslangt vennskap med desse. I løpet av 1890-talet, då Vallotton var nært knytt til avant-garde, reflekterte måleria hans stilen i tresnitta. Her er store, flate og einsfarga område med harde kantar og forenkla framstilling av detaljar. Døme på hans nabistil er det bevisst vanskeleg tilgjengelege Badarar ein sommarkveld frå 1892-93 og det symbolistiske Månelys frå 1895.

Vallotton vart fransk statsborgar i 1900. Rundt 1899 reduserte han den grafiske aktiviteten og konsentrerte seg meir med måleri, og utvikla ein nøktern, ofte bitter realisme uavhengig av den kunstnariske «mainstream». Hans Portrett av Gertrude Stein frå 1907 var eit tydeleg svar på Pablo Picasso sitt portrett frå same året. I åra før første verdskrigen deltok han i ei rekke internasjonale utstillingar.

Vallottons livsverk er mangfaldig og omfattar meir enn 200 tresnitt, tallause teikningar, om lag 1 700 måleri og nokre skulpturar. I tillegg skreiv han tre romanar, fleire skodespel og ei rekke essay.

Vallottons måleri frå tida etter Nabis vart respektert for sin sannferdige og teknisk kvalitet, men graden av alvor i verka vart ofte kritisert. Typisk er reaksjonen til ein kritikar som i 1910, i avisa Neue Zürcher Zeitung, klaga over at Vallotton «målar som ein politimann, som om jobben hans er å fange former og fargar». Gjennom sin kompromisslause karakter førevarslar kunsten til Vallotton kunstretninga Neue Sachligkeit, ei retning som blomstra i Tyskland i løpet av 1920-åra.

Han døydde i Paris i 1925, etter ein kreftoperasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]