Felles Framtid
Hopp til navigering
Hopp til søk
Felles Framtid var eit norsk politisk parti som stilte til val ved stortingsvalet 1993. Partiet oppstod som eit utbrytarparti frå Pensjonistpartiet. Det stilte eigne lister i seks fylke i 1993: Buskerud, Finnmark, Hedmark, Hordaland, Oslo og Troms. I tillegg stilte det fellesliste med Pensjonistpartiet i Nord-Trøndelag. Dei reine Felles Framtid-listene fekk 547 røyster, 0,02 % av røystene ved stortingsvalet totalt. Partiet vart dermed ikkje representert på Stortinget.
Seinare har partiet gått gjennom ein serie med namneendringar, til Folkets Vilje (1995), Generasjonspartiet (1999) og Sosialdemokratane (2000).[1] Under det siste navmet stilte det til val ved stortingsvalet 2001, men i 2005 stilte det ikkje lister.