Fellesforbundet Sunnhordland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fellesforbundet Sunnhordland (tidl. Avdeling 118) er den største fagforeininga i LO i Sunnhordland, med om lag 2300 medlemar. Foreininga vart skipa av arbeidarar ved AS Stord i 1945, under namnet Stord Jern- og Metallarbeiderforening. Atle Tranøy er leiar og organisasjonen har kontor i Folkets husLeirvik.

I periodar har avdeling 118 hatt felles leiing med Verkstadklubben ved Aker Kværner Stord, men også medlemar i andre klubbar er tilknytte avdelinga. Avdelinga organiserer arbeidarar innan m.a. mekanisk industri, offshoreindustri, bygg og anlegg, skog- og landbruk og havbruk. Mesteparten av medlemane er tilknytte offshoreindustrien, særleg verksemdene Aker Kværner Stord og Leirvik Module Technology. Organisasjonen har medlemar i 37 verksemder som dei har tariffavtalar med.

Stord Jern- og Metallarbeiderforening slo seg saman med Stord Bygningsarbeiderlag i 1993, og organisasjonen fekk namnet Stord Metall- og Bygningsarbeideres Fagforening. Seinare endra dei namnet til Fellesforbundet Sunnhordland. Etne Planteskole og Tysnes Jern & Metall har seinare òg gått inn i avdelinga.

Leiarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]