Fellingskile

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein metallforsterka trekile og ein moderne plastkile.

Fellingskile vert nytta for hindra at saga klemmer ved felling av tømmer, og for å syta for at tømmeret vert fellt i rett retning. Kilen vert slegen inn i sagsporet med øks på motsett side av fellskåret[1]. Kile vert ofte nytta saman med brytjarn.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jachwitz, E., Et yrke i skogen: Hogst med motorsag, Bøndenes forlag, 1967.