Feltpost

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Feltpost er det same som militærpost, og vert brukt når militære avdelingar er i felten. Det vert då oppretta feltpostkontor, og post til militære mannskap vert sendt til ei feltpostadresse som er den same uansett kvar avdelinga måtte vera. Mange land nyttar framleis feltpostsystemet.

Norske feltpostadresser[endre | endre wikiteksten]

Døme på poststempel frå feltpost SN-bataljonen

Feltpost har vore brukt i Noreg sidan slutten på 1800-talet. Feltpostnummer vart brukt på Austlandet sidan førre hundreårsskifte. Seinare vart standplassen òg nytta som feltpostkontor, t.d. Heistadmoen feltpostkontor og Gardermoen feltpostkontor. Både britiske og tyske styrkar i Noreg under og like etter Andre verdskrigen hadde sine feltposttenester i Noreg.

I Norbatts første kontingent i 1978 var feltpostnummer enno ikkje teke i bruk, og adresseringen var då slik: NN, 1. TR/KP 3/NORBATT, Den norske SN-styrken i Libanon, OSLO – AVGANG UTLAND. Feltpostnummer gjeve Norbatt frå og med kontingent II.

Norske feltpostnummeradresser etter 1975[endre | endre wikiteksten]

  • Feltpost 100, 0018 Oslo avg. utland: Bataljonstab og Stabskompani, Norbatt, UNIFIL, Libanon (1978–98).
  • Feltpost 101, 0018 Oslo avg. utland: Kompani A (unntatt FMR), Norbat, UNIFIL, Libanon (1978–98).
  • Feltpost 102, 0018 Oslo avg. utland: Kompani B, Norbatt, UNIFIL, Libanon (1978–98).
  • Feltpost 104, 0018 Oslo avg. utland: Den norske kontingentsjefen (Norco) og øvrige norske einingar i Naqoura, UNIFIL, Libanon (1978–98).
  • Feltpost 106, 0018 Oslo avg. utland: Det norske Verkstadskompaniet, UNIFIL, Libanon (1978–98).
  • Feltpost 108, 0018 Oslo avg. utland: Brukt av Kyrkja si Nødhjelp i Kosovo (2004).
  • Feltpost 110, 0018 Oslo avg. utland: Norwegian Task Force (NorTF), KFOR/COMKFOR (2003–2004).
  • Feltpost 111, 0018 Oslo avg. utland: Mek.-troppen, kp. A, Norbatt, UNIFIL, Libanon.
  • Feltpost 112, 0018 Oslo avg. utland: KFOR (2003).
  • Feltpost 113, 0018 Oslo avg. utland: KFOR (2003).
  • Feltpost 114, 0018 Oslo avg. utland: Brukt av LIS-Helikopter, KFOR.
  • Feltpost 115, 0018 Oslo avg. utland: KFOR (2003).
  • Feltpost 200, 0018 Oslo avg. utland: SFOR og norske mottakarar i Bosnia-Hercegovina (1999).
  • Feltpost 240, 0018 Oslo avg. utland: SFOR, Bosnia og Hercegovina (1996–1998).
  • Feltpost 245, 0018 Oslo avg. utland: SFOR, Bosnia og Hercegovina (1996).
  • Feltpost 300, 0018 Oslo avg. utland: UNOSOM, Somalia (1992–94)

Feltpostnummer ISAF (alle har postnr. 0018 Oslo):

  • Feltpostkontoret – Feltpost 100
  • NCC – Feltpost 102
  • OMLT – Feltpost 103
  • LATVIA – Feltpost 104
  • RC/N – Feltpost 105
  • OMLT KANDAK – Feltpost 106
  • NSE – Feltpost 107
  • ROLE 1 – Feltpost 108
  • NIST – Feltpost 109
  • PRT – Feltpost 110
  • NORAF – Feltpost 111
  • NSE KAIA – Feltpost 112
  • OMLT KABUL – Feltpost 113
  • ISAF HQ – Feltpost 114
  • ZHE – Feltpost 115
  • NAD – Feltpost 116

Feltpostnummer Operation Unified Protector

  • Feltpost 330, 0018 Oslo: Norwegian Airwing (NAW) på Kreta (2011)

Andre land[endre | endre wikiteksten]

Russland[endre | endre wikiteksten]

Post og kurérteneste i dei russiske væpna styrkane[endre | endre wikiteksten]

Dette er ei teneste med eigne organ, sambandssentralar og knutepunkt og kallast òg for feltjegerpostsamband (FPS) Tenesta inkluderer òg organisering av staber og andre organer samt etablering av framføringsakser for hemmelege postruter. Historia for utvikling av feltjegerpostsambandet (FPS) byrja i 1716 i Det russiske imperiet og har i dag fleire hundre feltpostnummer (FPN) som raskt knyter samband til den enkelte militære eininga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bagkrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]