Feltspatoide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Feltspatoidar er eit samlenamn på ei gruppe mineral som opptrer i bergartar med lågt innhald av silika, SiO2. I likskap med feltspat er dei kjemisk sett aluminiumsilikatar av natrium og kalium. Feltspatoidar kan ikkje opptre saman med primær kvarts, men vil reagere og danne feltspat. Dei viktigaste er nefelin, NaAlSiO4, og leucitt, KAlSi2O6. Andre feltspatiodar er sodalitt, nosean, hauyn, lasuritt og cancrinitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]