Femø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Femø
Geografi
Denmark-lolland-falster-moen Islands Bays.png
Stad Smålandsfarvatnet
Koordinatar 54°58′N 11°33′E

Areal 11,38 km²

Høgaste punkt Issemosebjerg (22 moh.)

Administrasjon
Land Danmark
Kommune Lolland

Demografi
Folketal 154 (2005)
Folketettleik 13,5 /km²

Femø er ei dansk øy nord på Lolland. Øya dekkjer eit areal på 11,38 km². Femø har 154 innbyggjarar (2005).

Kvart år sidan 1971 har kvinner reist og hatt feriar i lag på nordaustsida av øya. I starten var det kvinner frå alle delar av kvinnerørsla, men dei siste åra har det stort sett vore lesbiske kvinner, sjølv om alle kvinner er velkomne. Dei fleste vekene er berre for danske kvinner, men kvart år har ein ei «internasjonal» veke med kvinner frå heile Europa. I 2005 valde ein å opna leiren for transvestitt-kvinner.

Kvar sommar kjem meir enn 250 kvinner til Kvindelejren, som varer 8-9 veker kvar sommar, der ein byggjer opp leiren med telt, kjøken, bar, barnetelt og fire sovetelt den første veka. Gjennom sommaren har kvar veke sitt tema, som t.d. ei barneveke, ei sportsveke osv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]