Femke Kok
| Femke Kok | |
| Statsborgarskap | Kongeriket Nederlanda |
| Fødd | 5. oktober 2000 (25 år) Nij Beets |
| Idrett | lengdeløp på skeiser |
| Tok del i | Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 500 meter kvinner |
| Utmerkingar | ridder av Ordenen av Orange-Nassau |
Femke Kok (fødd 5. oktober 2000) er ein nederlandsk skeiserennar frå Drachten. Ho vart i 2026 olympisk meister på 500 meter, perioden 2020-25 vann ho fire gullmedaljar i fire ulike enkeltdistanse-verdsmeisterskap.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Kok vann ein gullmedalje ved VM enkeltdistansar 2020 i Salt Lake City, då ho og Letitia de Jong og Jutta Leerdam sikra siger til Nederland. Året etter vart Kok nummer 2 på 500 meter ved VM enkeltdistansar i Heerenveen. Vinteren 2022 gjekk ho inn til sjetteplass på 500 m i dei olympiske vinterleikane i Beijing, før ho tok sølvmedaljen i Skeise-VM 2022 i sprint-firkamp på Hamar, einast 0,080 poeng bak Leerdam. Kok sigra på 500 meter i VM enkeltdistansar 2023 og 2024. Ved Skeise-VM 2024 i sprint-firkamp kom ho som sist på andreplass, no bak japanske Miho Takagi. I VM enkeltdistansar 2025 på Hamar vann Kok 500 meter for tredje gong i rad, medan ho vart nummer 2 på 1000 m. 16. november 2025 sette ho verdsrekord på 500 meter då ho i Salt Lake City vart klokka inn på 36,09 sekund. Under Vinter-OL 2026 i Milano vann ho sølvmedaljen, bakom Leerdam. Seks dagar seinare bytta dei to plass på sigerspallen etter 500-meteren, der Kok var suverent best.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Femke Kok» frå Wikipedia på nederlandsk, den 28. februar 2026.
- Einskildkvinner
- Fødde i 2000
- Nederlandske skeiseløparar
- Olympiske meistrar for Nederland
- Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Sprint
- Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser
- Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser
- Nederlandske deltakarar under vinter-OL 2022
- Skeiseløparar under vinter-OL 2022
- Skeiseløparar under vinter-OL 2026
- Medaljevinnarar under vinter-OL 2026