Femtoneskala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Femtoneskala, også kjend som pentaton eller pentatonisk skala (frå gresk πεντα, penta, 'fem', og tone) er ein musikalsk skala med fem tonar per oktav. Han skil seg dermed frå den heptatoniske eller sjutoneskalaen som er utbreidd i mykje vestleg kunst- og populærmusikk. Femtoneskalaen er derimot utbreidd i musikalske tradisjonar frå kulturar over heile verda, også vestleg folkemusikk.[1]

Den vanlegaste forma for femtoneskala inneheld ikkje halvtonetrinn, og blir kalla anhemitonisk. Ein durskala kan til dømes bruka fem tonar som følgjer kvarandre i kvintsirkelen, som C, D, E, G, A.

Ein kan også få ein femtoneskala ved å fjerna dei to halvtonetrinna frå ein diatonisk skala. Frå ein C-dur-skala kan ein til dømes ta bort den fjerde og sjuande nota, F og H, og stå att med femtoneskalaen C, D, E, G, A som over.

\relative c' { \time 5/4 c d e g a c }

Om ein derimot tek bort den tredje og den sjuande nota får ein ein femtoneskala med notene F, G, A, C, D. Tar ein bort den første og den fjerde får ein skalaen G, A, H, D, E.

Om ein berre bruker dei svarte tangentane på eit piano får ein ein femtoneskala i Gissdur (eller Fissdur) av Giss, Aiss, B, Diss og Eiss. Frédéric Chopin nytta dette i sin etyde nr. 10.

\relative c' { \time 5/4 ges aes bes des ees ges }

Fleire hemitoniske skalaer, det vil seia femtoneskalaer som inneheld halvtonetrinn, kan kallast mollskalaer. Den vanlegaste er inneheld 1., 3., 4., 5. og 7. note frå den naturlege mollskalaen.[2] Femtoneskalen i C-moll inneheld notene C, Eiss, F, G og B.

\relative c' { \time 5/4 a4 c d e g | a }

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «pentatonikk». Store norske leksikon (norsk). Henta 8. juli 2017. 
  2. Bruce Benward and Marilyn Nadine Saker (2003), Music: In Theory and Practice, seventh edition (Boston: McGraw Hill), vol. I, p. 37. ISBN 978-0-07-294262-0.