Femundsmarka nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Femundsmarka nasjonalpark
Område Sør-Trøndelag og Hedmark
Oppretta 1971
Utvida 2003
Areal 000000000000571.0000000000571 km²

Femundsmarka nasjonalpark er ein nasjonalpark i et skog- og innsjøområde som er rekna som eit eldorado for sportsfiske og kanoturar.

Nasjonalparken vart oppretta ved forskrift i 1971 og utvida i 2003. Han omfattar areal i Engerdal kommune i Hedmark og Røros kommune i Sør-Trøndelag.

Vern og bruk av parken[endre | endre wikiteksten]

Formålet med nasjonalparken er å ta vare på eit i det vesentlegaste urørt fjell- og skogområde typisk for regionen. Det er òg eit formål å ta vare på landskapsformer med blant anna det særprega dødislandskapet med blokkmark, moreneryggar, sjøar og vassystem.

Ålmenta skal ha høve til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv utan særleg teknisk tilrettelegging.

Naturgrunnlaget innanfor nasjonalparken er viktig for samisk kultur og næringsutnytting. Området skal kunne brukast til reindrift.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]