Fendt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fendt 716.

Fendt er ein tysk traktorprodusent, eigd av AGCO. Traktorproduksjonen har røter tilbake til slutten av 1920-talet, då Johann Georg Fendt og sonen hans Hermann bygde ei sjølvgåande slåmaskin i Marktoberdorf[1]. Det var denne maskina som låg til grunn for Fendt Dieselross F9, som kom på marknaden i 1930. F9 hadde ei motoreffekt på 9 hk; i 1936 kom F12 på 12 hk og i 1937 F18 på 18 hk[1]. Seinare vart det utvikla større og meir avanserte traktorar. I 1997 kjøpte AGCO føretaket, men produksjonen ligg framleis i Sør-Tyskland.

Refreansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 O. Aust, Fendttraktorn im Einsatz, Podszun, 2004.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]