Fenny Stratford

Koordinatar: 52°00′N 0°43′W / 52.000°N 0.717°W / 52.000; -0.717
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fenny Stratford

Sentrum
Sentrum
Sentrum
Plassering
Fenny Stratford is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Buckinghamshire
Distrikt Milton Keynes
Geografi
Koordinatar 52°00′N 0°43′W / 52.000°N 0.717°W / 52.000; -0.717
Diverse annan informasjon
Postnummer MK2
Telefon-retningsnummer 01908
Commons har multimedium som gjeld: Fenny Stratford

Fenny Stratford er ein by i Buckinghamshire i England. Han ligg søraust i distriktet Milton Keynes, heilt inntil Bletcley.

Namnet Stratford er av angelsaksisk opphav, og tyder vadestad på ein [romersk] veg. Dette viser til Watling Street, som kryssar ei elv like utanfor byen. I 1252 vart namnet notert som Fenni Stratford. Det første namneleddet vart innført i mellomalderen for å skilje han frå Stony Stratford, som ligg i nærleiken.

Fenny Stratford ein ein gammal marknadsby. Han hadde vekentleg marknad i mange år, inntil han vart hardt råka av byllepest i 1665. Som ei følgje av dette vart vegen lagt utanom byen, og marknaden døydde ut. Det vart aldri gjenoppretta, og ved byrjinga av 1700-talet var byen svært forfallen.

St Martin's

11. november 1724 fekk byen ein ny start då grunnsteinen til ei ny soknekyrkje vart lagt. Historikaren Browne Willis hadde samla inn pengar til kyrkjebygget, og valde denne dagen, som er festen for St. Martin av Tours, fordi bestefaren hans hadde døydd denne datoen i St Martin's Lane i Fenny Stratford. Kyrkja vart, naturlegvis, vigd til St. Martin.

Fenny Stratford er i dag ein travel liten by rett utanfor den langt større byen Milton Keynes. Marknaden har enno ikkje vorte gjenoppretta, men han har ei handlegate som er mykje vitja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]