Fensfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Koordinatar: 60°50′32.042″N 4°55′33.582″E

Fensfjorden (lengst ute) og Austfjorden (nærare) sett frå Djupedalseggane

Fensfjorden er ein fjord på grensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane. Fjorden har ei lengd på 30 km søraustover til han deler seg i Masfjorden og Austfjorden. Medrekna heile Austfjorden, som er ei fortsetjing av Fensfjorden søraustover, er fjorden 50 km lang. Fjorden ligg i kommunane Austrheim, Lindås, Gulen og Masfjorden.

Fensfjorden har innløp like vest for Holmengrå fyr mellom Rongevær i sør og holmane ytst i Gulen i nord. Like nord for desse holmane ligg Sognesjøen, den ytste delen av Sognefjorden. Vest for Rongevær ligg den nordlege delen av Fedjefjorden. 15 km inn i fjorden ligg Mongstad og Statoil Mongstad på sørsida av fjorden. Det er derfor stor skipstrafikk i denne ytste delen av fjorden inn til oljeraffeneriet, som er den største hamana i landet i tonnasje med om lag 2100 skip i året og den nest største oljehamna i Nord-Europa.[1] Her ligg òg tettstaden Fonnes. Lenger sør ligg Fonnebostsjøen, like nord for sjølve Lindås.

På nordsida av fjorden ligg Byrknesøyna og Sandøyna med grenda Sande ved fjorden. Litt lenger aust byrjar fastlandet og her ligg Sløvåg, der to tankar med olje og saltsyre eksploderte ved verksemda Vest Tank 24. mai 2007. Vidare søraustover ligg det fleire småøyar langs nordsida av fjorden, med mange sund og viker inn til fastlandet. Mellom øyane Raunøy og Kvamsøy stikk Masfjorden inn nordaustover. Austfjorden byrjar mellom Kvamsøy og Ådnøy. Her er også fjorden på sitt djupaste.

Fylkesveg 57 kryssar fjorden via ferjesambandet Leirvåg-Sløvåg-Skipavik. Skipavik ligg på Sandøyna, medan Leirvåg ligg like ved Mongstad.

Ved Fensfjorden finst sandstein frå devontida. Tilsvarande restar etter avsettingane i devontida finst òg i Solund, på Kvamhesten, Håsteinen og Hornelen. Til saman utgjer desse geologiske felta, devonfelta på Vestlandet, ein viktig del av norsk geologi.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Statoil Mongstad kan tape 100 millioner». offshore.no. 11. september 2002. Henta 2. mars 2008.