Ferapontovklosteret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ferapontovklosteret

Offisielt namnФерапонтов монастырь
StilRussian architecture
Kart
Ferapontovklosteret
59°57′23″ N 38°34′3″ E

Ferapontovklostret er eit klostermuseum i Vologda oblast i Russland. Museet vert halde som eit av dei vakraste døma på russisk mellomalderarkitektur. Klosteret har sidan 2000 stått på UNESCO si verdsarvsliste.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Freske av Dinoisij som syner helgen Nikolas
Haustkveld i Ferapontovo i 2014

Klostret vart grunnlagt av Sankt Ferapont i 1398 i det nordlege Russland, aust for Kirillo-Belozerskyklosteret. Den eldste bygninga, Jomfu Maria-katedralen, vart bygt i teglstein av dei såkalla Rostovmeisterane i 1490. Alle interiørveggane er dekte med storarta freskomåleri, laga av målaren Dionisij.

På 1530-talet vart reist både eit skattkammer, eit refektorium og ei unik Maria bodskaps-kyrkje krona med eit klokketårn. Ved den tid hadde klostret særskilde privilegiar tildelt av tsar Ivan den skrekkelege, mellom anna rådde det over omkring 60 kringliggjande bygder. Tsaren sjølv besøkte ofte klosteret som pilgrim.

Under Den store urotida vart klostret plyndra og øydelagt av polske styrkar. Ved gjenoppbygginga vart dei siste bygningane reist; den teltlike Heilag-Martinian kyrkja (1641), ei forsvarskyrkje (1650) og ein klokkestopul (1680). Klokketårnet frå 1638 skal vere det eldste i Russland.

Då klosteret gradvis mista si rolle som religiøst senter, vart det ein plass for framståande forviste prestar, så som patriarken Nikon. Klosteret vart lagt ned i 1798 av tsar Paul I av Russland. I 1904 vart det på nytt eit konvent, men 20 år seinare vart det stengt av bolsjevik-styret. Frå 1975 har Ferapontovklosteret vore eit museum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]