Ferdinand Prahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ferdinand Prahl
Fødd12. november 1840
Død2. mai 1917
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
FarMichael Djurhus Prahl

Ferdinand Christian Prahl (12. november 18402. mai 1917) var ein jurist og stortingsmann frå Bergen. Han representerte Venstre. Michael Prahl var far hans.

Prahl vart student frå katedralskulen i Bergen i 1859. I 1866 vart han cand. jur. Etter ei studiereise utanlands vart han overrettssakførar i Bergen i 1869, dessutan var han medstyrar i familiefirmaet Fasmer & Søn. Frå 1898 var han dommar ved overretten i Bergen. I 1870-åra var han medarbeidar i Bergensposten og i Bergens Tidende. Medlem av representantskapet i Noregs Bank 1895-1908. Styremedlem i Vestmannalaget frå 1902.

Åra 1892-1900 var Prahl 4. representant frå Bergen på Stortinget, heile tida var han formann i protokollkomiteen. Han var 1893-1900 medlem av fullmaktskomiteen. Elles var han 1893 medlem av undersøkingskomiteen, 1897 av revisjonskomiteen, 1898-1900 av spesialkomiteen om budsjettet og av komiteen om den militære straffelova.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]