Ferdinand von Lindemann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ferdinand von Lindemann
Carl Louis Ferdinand von Lindemann.jpg
Carl Louis Ferdinand von Lindemann
Fødd april 12, 1852(1852-04-12)
Hannover, Tyskland
Død 6. mars 1939 (86 år)
München, Tyskland
Bustad Tyskland
Nasjonalitet Tysk
Kjend for Bevise at π er eit transcendentalt tal

Carl Louis Ferdinand von Lindemann (12. april 18526. mars 1939) var ein tysk matematikar, kjend for beviset sitt frå 1882 at π (pi) er eit transcendent tal, altså at det ikkje er ei rot av noko polynom med rasjonale koeffisientar. Dette gav det endelege svaret på det 2000 år gamle problemet om kvadraturet til sirkelen, nemleg at det ikkje er mogeleg (med passar og linjal) å konstruere eit kvadrat som har like stort flateinnhald som ein viss sirkelflate.

Han var professor i Königsberg frå 1883 og 1893–1923 i München. Saman med R. F. A. Clebsch gav han ut Vorlesungen über Geometrie i tre bind.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]