Ferentino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mazzini-plassen i Ferentino

Ferentino er ein by og ein kommune i provinsen Frosinone i regionen Lazio i Italia. Kommunen har 21 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 81 km². Byen Ferentino ligg på ein ås, 393 meter over havet, 65 kilometer søraust for Roma.

Etter ei kort tid som fristad på 1000-talet høyrde Ferentino til Vatikanet til år 1870. Under andre verdskrigen var området eit sentrum for partisanar. Etter verdskrigen opplevde Ferentino eit økonomisk oppsving gjennom industrialisering.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]