Hopp til innhald

Ferguson Rotich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ferguson Rotich


StatsborgarskapKenya
Fødd30. november 1989 (36 år)
Kericho
Idrettfriidrett
Tok del i Friidrett under Sommer-OL 2016 – 800 meter menn, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 800 meter menn

Ferguson Cheruiyot Rotich (fødd 30. november 1989) er ein kenyansk friidrettsutøvar som vart bronsemedaljør på 800 meter ved VM i friidrett 2019 og vann sølvmedaljen på distansen under Sommar-OL i 2021. Rotich sette personleg rekord med 1.42,54 då han vart andremann ved DL-stemnet i Monaco 12. juli 2019.

Rotich stega inn i verdseliten på 800 meter i 2013-sesongen. Han sette personbeste 1.43,22 då han vart nummer 3 i eit GL-stemne i Brussel den 6. september. Med ein fjerdeplass i GL-stemnet i Monaco 18. juli 2014 forbetra han bestetida si til 1.42,84. I VM i friidrett 2015 i Beijing tok han seg til finalen på 800 m og enda på fjerdeplass. Året etter vart han femtemann i OL-finalen i Rio de Janeiro. Åra frå 2016 til -21 vann han 800-meteren i seks stemne i Diamond League (DL). 11. juli 2019 sprang han livsbeste 1.42,54 på 800 meter, langt bak Nijel Amos frå Botswana. Sidan i same sesongen sprang Rotich i mål til bronse under verdsmeisterskapen i Doha. To år seinare vann han sølvmedaljen ved dei olympiske sommarleikane 2021 i Tokyo, einast landsmannen Emmanuel Korir spurta frå han.

Rotich vart kenyansk meister på 800 meter i 2014.