Ferlach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torget i Ferlach

Ferlach er ein by og ein kommune i Klagenfurt-Land i forbundslandet Kärnten i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 117,3 km² og i kring 7 200 ibuarar. Byen Ferlach ligg sentralt i Rosental, 466 meter over havet, og er den sørlegaste i heile Austerrike. Til byen Klagenfurt i nord er det 18 km vegalangs og 10 km i luftlinje.

Ferlach fekk byprivilegiar i 1930 og er særleg kjend for produksjonen av jaktgevær. Om lag 4 400 menneske bur i sjølve byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]