Fernando Cáceres

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fernando Cáceres
Statsborgarskap Argentina
Fødd 7. februar 1969
San Isidro
Idrett fotball
Yrke fotballspelar

Fernando Gabriel Cáceres (fødd 7. februar 1969) er ein argentinsk tidlegare fotballspelar frå Buenos Aires som var midtstoppar på det argentinske landslaget som i 1993 gjekk til topps i Copa América.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Cáceres spelte på Argentinos Juniors frå han var 17 til 22 år gammal. Frå 1991 til -93 gjorde han teneste i River Plate, der han markerte seg og vart seriemeister og byrja få landslagsoppdrag. Hausten 1993 reiste han til Real Zaragoza, ein klubb han vann den spanske cupen med våren 1994, og eitt år seinare, finalen i Cupvinnarcupen. Sommaren 1996 var han tilbake til heimbyen og spelte nokre månader for Boca Juniors. Seint i 1996 vart Cáceres hanka tilbake til Spania av Valencia CF, eit lag han tente til våren 1998. Dei neste seks sesongane spelte han på Celta Vigo, før han hausten 2004 var han aktiv på nivå 2 i Spania med Córdoba CF. På nyåret 2005 vende han heim til Buenos Aires og var halvtanna år aktiv Independiente, hans fjerde arbeidsgjevar i den argentinske hovudstaden.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Cáceres deltok i 24 landskampar for Argentina i tida 1992-97. I 1993 var han innbytar då laget vann Copa América-finalen med 2-1-siger over Mexico. Året etter tok han del i Fotball-VM 1994, medan han i 1995 spelte i sin andre Copa América-turnering.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av Copa América: 1993 for Argentina
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1995 med Real Zaragoza
  • Argentinsk seriemeister: 1992 med River Plate
  • Spansk cupmeister: 1994 med Real Zaragoza

Kjelder[endre | endre wikiteksten]