Fernando Couto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fernando Couto

Fernando Manuel Silva Couto (fødd 2. august 1969) er ein portugisisk tidlegare fotballspelar. Over ein periode på 21 år spelte han midtstoppar på ei rekke topplag i Portugal, Spania og Italia. I alle tre landa var han med om å vinne både serie- og cupmeisterskap, dessutan vann han UEFA-cupen 1995 og cupvinnarcupen i 1997 og 1999.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Etter ein god sesong 1989/90 med Académica de Coimbra på nivå 2 i portugisisk seriefotball, spelte Couto frå 1990 til -94 for topplaget FC Porto. Kvar av dei fire sesongane enda han opp med triumf i anten cup elle seriespel. Frå 1994 til -96 var han Parma-spelar, våren 1995 bidrog han til at den italienske klubben vann UEFA-cupfinalen. Deretter gjorde han teneste i FC Barcelona i to sesongar. Med den spanske storklubben vann han i 1997 både den nasjonale cupen og den europeiske cupvinnarcupen, året etter vann Barcelona og Couto såvel cup som liga i Spania. I 1998 drog han tilbake til Italia, då for spel med SS Lazio. Her var han i 1999 med om vinne cupvinnarcupen for andre gong. Året etter var han med den historiske Lazio-triumfen med siger i både serien og cupen. Våren 2004 vart han italiensk cupmeister for andre gong med Lazio. Til sist var Couto atter Parma-spelar i tida 2005-08.

Doping[endre | endre wikiteksten]

I 2001 var Couto utstengt frå fotballspel i fire månader, grunna bruk av nandrolon.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Couto spelte 110 landskampar for Portugal. Han debuterte i 1990 og representerte landet under Fotball-VM 2002 og i dei tre europameisterskapane 1996, 2000 og 2004. I den siste meisterskapen avslutta han landslagstida som innbytar i semifinalen. Han såg deretter Portugal tape EM-finalen 0–1 mot Hellas. Couto var kaptein i 44 kampar, skåra i alt 8 mål.

I 1989 var Couto med i det portugisiske mannskapet som sigra i U20-VM.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av UEFA-cupen: 1995 med Parma FC
  • Vinnar av Cupvinnarcupen: 1997 med FC Barcelona og 1999 med SS Lazio
  • Portugisisk seriemeister: 1992 og 1993 med FC Porto
  • Portugisisk cupmeister: 1991 og 1994 med FC Porto
  • Spansk cupmeister: 1997 og 1998 med FC Barcelona
  • Spansk seriemeister: 1998 med FC Barcelona
  • Italiensk seriemeister: 2000 med SS Lazio
  • Italiensk cupmeister: 2000 og 2004 med SS Lazio
  • Vinnar av U20-verdsmeisterskapen 1989: Portugal
  • Finaletap i Fotball-EM 2004: Portugal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]