Fernando De Napoli
|
| ||||||||||||||||
| Personleg informasjon | ||||||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Fullt namn | Fernando De Napoli[1] | |||||||||||||||
| Fødselsdato | 15. mars 1964 (62 år) | |||||||||||||||
| Fødestad | Chiusano di San Domenico, Italy | |||||||||||||||
| Høgd | 1,78 m | |||||||||||||||
| Posisjon | Midtbanespelar | |||||||||||||||
| Ungdomsklubbar | ||||||||||||||||
| Avellino | ||||||||||||||||
| Seniorkarriere* | ||||||||||||||||
| År | Lag | Kampar | (Mål) | |||||||||||||
| 1982–1983 | Rimini | 31 | (2) | |||||||||||||
| 1983–1986 | Avellino | 73 | (3) | |||||||||||||
| 1986–1992 | Napoli | 176 | (8) | |||||||||||||
| 1992–1994 | A.C. Milan | 9 | (0) | |||||||||||||
| 1994–1997 | Reggiana | 58 | (0) | |||||||||||||
| Totalt | 347 | (13) | ||||||||||||||
| Landslag | ||||||||||||||||
| 1984–1986 | Italia U-21 | 16 | (1) | |||||||||||||
| 1986–1992 | Italia | 54 | (1) | |||||||||||||
Utmerkingar
| ||||||||||||||||
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga | ||||||||||||||||
Fernando De Napoli (fødd 15. mars 1964) er ein italiensk, tidlegare fotballspelar frå Chiusano di San Domenico i provinsen Avellino. Midtbanespelaren er særleg kjend frå sine seks år (1986-92) med SSC Napoli. Han vann to italienske seriemeisterskap, eitt cupmeisterskap og UEFA-cupen med klubben. Mellom 1986 og 1992 spela han 54 landskampar for Italia og vann VM-bronse i 1990.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]De Napoli debuterte i 1982 for fotballklubben Rimini Calcio i Serie C. Sommaren 1983 flytta han over til Serie A-klubben Avellino, der han spela i tre år. I 1986 gjekk han vidare til naboklubben i Campania-regionen, SSC Napoli. Her var han dei neste sesongane mellom dei viktigaste spelarane i klubben, i det som skulle verte Napoli-klubben si stordomstid. De Napoli spela mellom andre saman med Diego Maradona. Gjennom dei seks åra i Napoli var De Napoli med på å vinne både serien og cupen i sin fyrste sesong, 1987. To år seinare sigra klubben med samanlagt 5-4 over tyske Stuttgart i dobbelfinalen i UEFA-cupen, før det i 1990 vart eit nytt seriemeisterskap.
De Napoli vart i i 1992 overført til AC Milan. Her fekk han lite speletid og gjekk då i juli 1994 vidare til Reggiana. Der spela han i tre sesongar, for ein klubb som då var med i Serie A. Han la opp i 1997.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]De Napoli fekk sin landslagsdebut for Italia den 11. mai 1986 mot Kina. Kampen vart spela i Napoli og Italia vann 2–0. Han deltok i VM 1986, EM 1988 og VM 1990. I den sistnemnde meisterskapen spela han alle kampane, unnateke den avsluttande bronsefinalen, der Italia slo England 2-1. Totalt spela han 54 kampar for Italia. Hans einaste landslagsmål kom mot Argentina i ein vennskapslandskamp i 1987.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- VM-bronse 1990 for Italia
- Vinnar av UEFA-cupen 1989 med SSC Napoli
- Italiensk seriemeister 1987 og 1990 med SSC Napoli
- Italiensk cupmeister 1987 med SSC Napoli
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «De Napoli Sig. Fernando» [De Napoli Mr. Fernando]. Quirinale (på italiensk). Presidenza della Repubblica Italiana. Henta 11 December 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Fernando De Napoli» frå Wikipedia på engelsk, den 31. juli 2013.