Ferrelcelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ferrecella er den midterste av dei tre sirkulasjonscellene på kvar halvkule.

Ei ferrelcelle er ei atmosfærisk sirkulasjonscelle ein finn mellom hadleycella og polarcella på midlare breidder. Ho er kalla opp etter William Ferrel, som skildra vestavindsbeltet på mildare breidder. I Nord-Atlanteren er vestavindsbeltet den nordlege delen av den generelle luftsirkulasjonen rundt høgtrykk i subtropiske strøk. Ferrelcella er termisk indirekte, noko som betyr at kinetisk energi blir omforma til indre eller potensiell energi. Den verkelege atmosfæriske sirkulasjonen er derimot meir kompleks en det forenkla sonale straummønsteret ein kunne venta seg. Ein kan òg argumentere for at ferrelcella ikkje eksisterer i det heile tatt, og ho er mykje mindre markant enn hadley- og polarcella.

Jetstraumar[endre | endre wikiteksten]

I vestavindsbeltet blir varmluft ved overflata driven nordover av trykksystem og tvungen til å stige over kald luft som blir driven sørover. Corioliseffekten får den nordlege luftstraumen, som blir tvinga oppover i høgda av kald- og varmfrontar, til å bøye av til høgre og danne vestlege jetstraumar i høgda. Straumen i høgda blir ikkje påverka av trykksystem som tvingar han tilbake mot subtropene. Men når friksjon får straumen til å sakke av, kan lufta over polarfronten flytte seg nordover og søkke ned i polarområda. Lufta strøymer så bort frå polområda langs bakken i samband med den polare austavinden.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Laing, David (1991). The Earth System: An Introduction to Earth Science Wm. C. Brown ISBN 0-697-07952-X