Ferribybåtane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Ferriby er det markert kvar båtane var funne
Rekonstruksjon
Modell av ein Ferriby-båt, og reiskapar frå byggetidsromet. Utstilling i Hull and East Riding Museum

Ferribybåtane (Ferriby boats) er tre bronsealderbåtar laga av samansydde eikeplankar som har vorte funne i Ferriby i East Yorkshire i England. Dette er eit av få båtfunn frå denne tidsepoken i Storbritania. Det er eldste funnet av båtar laga ved samansying av plankane i Europa. Båtborda er samansydde av vidjer laga av barlind.

Den første båten, Ferriby Boat  1, var funnen i 1937. Båtdelen som vart funnen var 1,7 m breid og 13,17 m lang. Plankane var for det meste 3–4 tommar tjukke. Denne båten har vorte datert til mellom 1880 og 1680 f.Kr.

Ferriby Boat 2 som vart funnen i 1940 er datert til mellom 1940 og 1720 f.Kr.

Den tredje som vart oppdaga i 1963, er den eldste, og datert til omlag 2030 f.Kr.

Det har vorte laga replika av Ferribybåtane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Arne Emil Christensen: Forfedrenes farkoster Norsk skipsbyggerkunst fra de eldste tider, side 48-49, PAX FORLAG A/S, OSLO 2022, ISBN 978-82-530-4310-4

Den engelske artikkelen oppgir desse kjeldene:

  • Wright, Edward (1991). The Ferriby Boats: Seacraft of the Bronze Age. ISBN 978-0415025997. 
  • Ferriby Heritage Trust. «ferribyboats.co.uk». Information on the Bronze Age boats found at North Ferriby, East Yorkshire, England, UK. Henta 2. januar 2007.