Ferry Cross the Mersey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ferry Cross the Mersey
Singel av Gerry and the Pacemakers
frå albumet Ferry Cross the Mersey
B-side

«You, You, You» (UK)
«Pretend» (USA)

Utgjeve Desember 1964
Innspelt 27. mai 1964, EMI Studios, London[1]
(«You, You, You»: 28. september)
Sjanger Merseybeat, pop
Lengd 2:24
Selskap Columbia (UK)
Laurie 3284 (USA)
Capitol 72216 (Canada)
Låtskrivar(ar) Gerry Marsden
Produsent George Martin
Gerry and the Pacemakers-kronologi 
«It's Gonna Be Alright»
(1964)
Ferry Cross the Mersey «I'll Be There»
(1965)


Ferry 'Cross the Mersey
Singel av The Christians, Holly Johnson, Paul McCartney, Gerry Marsden og Stock Aitken Waterman
B-side

«Abide with Me» av Liverpool Metropolitan Cathedral Choir

Utgjeve 8. mai 1989
Sjanger Beatmusikk
Lengd 3:58
Selskap PWL
Låtskrivar(ar) Gerry Marsden
Produsent Stock Aitken Waterman

«Ferry Cross the Mersey» (stundom skrive Ferry 'Cross the Mersey) er ein song skriven av Gerry Marsden. Han vart først spelt inn av bandet hans Gerry and the Pacemakers og gjeven ut seint i 1964 i Storbritannia og i 1965 i USA. Det vart ein hit på begge sider av Atlanteren og nådde sjetteplassen i på singellista i USA[2] og åttandeplassen i Storbritannia.[3] Songen er frå filmen med same namn og kom ut på filmmusikkalbumet. I midten av 1990-åra vart òg ein musikal kalla Ferry Cross the Mersey som omhandlar Merseybeat-tida.

Tittelen syner til River Mersey, elv nordvest i England som flyt ut i Irskesjøen ved Liverpool.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1965) Plassering
UK Singles Chart[3] 8
US Billboard Hot 100[2] 6

Veldedig singel for The Hillsborough Disaster Fund[endre | endre wikiteksten]

I mai 1989 vart det spelt inn ein versjon av «Ferry Cross the Mersey» og utgjeven til støtte for dei råka av Hillsborough-katastrofe, der 96 fotballfans mista livet månaden før. Songen vart spelt inn av Liverpoo-artistane The Christians, Holly Johnson, Paul McCartney, Gerry Marsden og Stock Aitken Waterman. Singelen låg tre veker på toppen av den britiske singellista[4] og den irske singellista i to veker.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1989) Plassering
UK Singles Chart[4] 1
Australian ARIA Singles Chart[5] 45
Den austerrikske singellista[6] 15
Nederlandske GfK-lista[7] 21
Nederlandsk Topp 40[8] 20
Den tyske singellista[9] 5
Irish Singles Chart[10] 1
Norske VG-lista[11] 4
Den sveitsiske singellista[12] 11

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gerry's Datebook». Britbands.bravepages.com. Arkivert frå originalen 23. august 2018. Henta 18. mars 2018. 
  2. 2,0 2,1 Unterberger, Richie. «Gerry & the Pacemakers > Charts & Awards > Billboard Singles». Allmusic. Henta 18. mars 2018. 
  3. 3,0 3,1 «Chart Stats - Gerry And The Pacemakers - Ferry Cross The Mersey». Henta 18. mars 2018. 
  4. 4,0 4,1 «Chart Stats - Gerry Marsden, Paul McCartney, Holly Johnson And The Christians - Ferry Cross The Mersey». Henta 18. mars 2018. 
  5. «The Christians, Holly Johnson, Paul McCartney, Gerry Marsden & Stock Aitken Waterman - Ferry 'Cross The Mersey». australian-charts.com. Arkivert frå originalen 9. desember 2009. Henta 18. mars 2018. 
  6. «The Christians, Holly Johnson, Paul McCartney, Gerry Marsden & Stock Aitken Waterman - Ferry 'Cross The Mersey». austriancharts.at. Arkivert frå originalen 8. desember 2009. Henta 18. mars 2018. 
  7. «The Christians, Holly Johnson, Paul McCartney, Gerry Marsden & Stock Aitken Waterman - Ferry 'Cross The Mersey». dutchcharts.nl. Arkivert frå originalen 9. desember 2009. Henta 18. mars 2018. 
  8. «Nederlandse Top 40 - week 26, 1989». Henta 18. mars 2018. 
  9. «charts.de». charts.de. Henta 18. mars 2018. 
  10. «irishcharts.ie search results». Arkivert frå originalen 3. juni 2009. Henta 18. mars 2018. 
  11. «The Christians, Holly Johnson, Paul McCartney, Gerry Marsden & Stock Aitken Waterman - Ferry 'Cross The Mersey». norwegiancharts.com. Arkivert frå originalen 8. desember 2009. Henta 18. mars 2018. 
  12. «The Christians, Holly Johnson, Paul McCartney, Gerry Marsden & Stock Aitken Waterman - Ferry 'Cross The Mersey». hitparade.ch. Arkivert frå originalen 4. desember 2009. Henta 18. mars 2018. 
  13. Catwoman (17. juli 2002). «h2g2 - ZTT Records 1983-1988 Part 3: Remixes». Bbc.co.uk. Henta 18. mars 2018.