Fertilt stoff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fertilt stoff er eit stoff som når det vert utsett for stråling kan omdannast slik at det blir fissilt og kan nyttast som reaktorbrensel.

Fertilt stoff som finst i naturen, er 238U (uran) og 232Th (thorium), som ved nøytroninnfanging og den påfølgjande beta-utsendinga går over i høvesvis 239Pu (plutonium) og 233U, som begge fisjonerer etter innfanging av termiske nøytron. Omdanning av fertilt stoff til fissilt stoff føregår i formeiringsreaktorar (breeder-reaktorar).

Medan ressursane av fissilt stoff er forholdsvis avgrensa, vil ressursane av fertilt stoff med dagens energiforbruk kunne dekke behovet for reaktorbrensel i mange tusen år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]