Festa do Bonfim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå Festa do Bonfim.
Igreja de Nosso Senhor do Bonfim, målet for opptoget.

Festa do Bonfim eller Lavagem do Bonfim er ei tradisjonell høgtid i Salvador i den brasilianske delstaten Bahia, feira den andre torsdagen etter heilagetrekongarsdag. Festa do Bomfim har røter både frå portugisisk katolisisme og vestafrikansk religion, og er ei høgtid for katolikkar, candomblé- og umbandautøvarar.

Under høgtida ærer ein den kristne vernehelgenen for Salvador, Nosso Senhor do Bonfim, eigentleg ei framstilling av Jesus i dødsaugneblikken (Bonfim tyder 'god ende'). Oxalá, guden over gudane innan candomblé, er knytt til Bonfim, og blir også dyrka.

Høgdepunktet av feiringa er eit 8 kilometer langt opptog utført av kvitkledde kvinner frå Bahia, som går frå basilikaen Conceição da Praia til åsen der kyrkja vigd Nossa Senhor do Bonfim står. Kvinnene utfører ei rituell reingjering av kyrkja og plassen utanfor og messer på joruba. Eit tusentals menneske følgjer dei.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]