Festenummer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit festenummer er ein del av ei eining i det norske eigedomsregisteret, matrikkelen. Forkortinga er fnr.

Festenummer kan brukast når eit bruk med bruksnummer vert delt inn i enno mindre einingar. Denne eininga vil då vere unikt identifisert i Noreg ved hjelp av festenummeret, bruksnummeret, gardsnummeret og kommunenummeret. Festenummeret indikerer at eigedommen er ei leigetomt, der ei årleg festeavgift blir svara til eigaren av det bruksnummeret det ligg under.

Ein vanleg måte å skriva ei eigendomnemning på er til dømes 17/235/2, der 17 er gardsnummeret, 235 er bruksnummeret og 2 er festenummeret. Ein annan skrivemåte er gnr. 17, bnr. 235, fnr. 2.