Fever av Little Willie John

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fever
Singel av Little Willie John
B-side

«Letter From My Darling»

Språk engelsk
Utgjeve Mai 1956
Sjanger Rhythm and blues
Lengd 2:40
Selskap King 4935
Komponist Otis Blackwell, Eddie Cooley
Tekstforfattar Otis Blackwell, Eddie Cooley
Låtskrivar(ar)
Produsent Henry Glover
Little Willie John-kronologi 
«Need Your Love So Bad»
(1955)
Fever «Do Something for Me»
(1956)


«Fever» er ein song skriven av Eddie Cooley og Otis Blackwell, under pseudonymet John Davenport. Han vart først spelt inn av den amerikanske R&B-songaren Little Willie John i 1956 og gjeve ut på singel i april det året. Songen nådde toppen av Billboard R&B Best Sellers-lista i USA og 24. plassen på Billboard Hot 100.[1] Han fekk positiv omtale av musikkpressa og finst på fleire lister over dei beste songane som kom ut på den tida.

Songen er blitt spelt av mange andre artistar innan mange forskjellige sjangrar, mellom anna av Peggy Lee som har den mest kjende versjonen av «Fever» og som har blitt signaturlåten hennar. Lee-versjonen har ein noko omskriven tekst og eit litt annleis musikalsk arrangement. Han nådde topp 5 i Storbritannia og Australia i tillegg til topp 10 i USA og Nederland. «Fever» vart nominert i tre kategoriar under den første Grammyprisutdelinga i 1959, mellom anna for årets singel og årets song.

Andre kjende versjonar av «Fever» er gjort av Elvis Presley, The McCoys, La Lupe, Beyoncé og Madonna. Madonna gav ut songen på singel frå det femte albumet sitt, Erotica (1992) i mars 1993 gjennom Warner Bros. Singelen toppa listene i Finland og Hot Dance Club Songs i USA i tillegg til topp 50 i mange andre land.

Bakgrunn og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Ideen til «Fever» vart presentert for Otis Blackwell av ein gammal ven, Eddie Cooley, som i 1956 hadde ein hit med songen «Priscilla».[2] Blackwell sa: «Eddie Cooley var ein ven av meg frå New York og han ringde meg og sa 'Eg har ein ide til ein song kalla 'Fever', men eg klarar ikkje å skriven han ferdig'. Eg måtte skrive songen under eit anna namn, fordi eg på den tida framleis hadde kontrakt med Joe Davis[3] Little Willie John mislikte visstnok songen, men vart overtalt til å spele han inn, den 1. mars 1956, hos King Records-eigaren Syd Nathan og arrangert og produsert av Henry Glover.[4] «Fever» er ein soul- og rhythm and blues-song i moll med eit arrangement som består av ein låg saksofon spelt av Ray Felder og Rufus «Nose» Gore og ein jazzgitar av Bill Jennings. Vokalstilen til Willie John liknar på stønning og vert akkompagnert av knipsing. Bill Dahl frå nettsida AllMusic skreiv om ein kontrast mellom det «skumle» arrangementet i songen og vokalen og knipsinga som «letta stemninga noko».[2]

«Fever» vart gjeven ut på singel i april 1956[5] som ei dobbel A-side med R&B-songen «Letter from My Darling». «Fever» nådde førsteplassen på Billboard R&B Best Sellers-lista i USA og låg der i tre veker frå 21. juli 1956.[6] Han gjekk òg inn på poplista og nådde 24. plassen på Billboard Hot 100.[6][7] Songen har seld ein million eksemplar i USA.[5] I ei melding skreiv Robert Christgau at Willie John sin «Fever» var ein særs «heftig» song.[8] Magasinet NME kåra «Fever» til den 96. beste songen frå 1950-åra.[5] På lista si The 1001 Greatest Singles Ever Made i 1989, rangerte kritikaren Dave Marsh «Fever» på 109. plassen.[9] Songen kom ut på samlealbuma Fever: The Best of Little Willie John (1993) og The Very Best of Little Willie John (2001).[10][11]

Peggy Lee-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Fever
Singel av Peggy Lee
frå albumet Things Are Swingin'
B-side

«You Don't Know»

Språk engelsk
Utgjeve Juni 1958
Sjanger Jazz
Lengd 3:21
Selskap Capitol 3998
Komponist Otis Blackwell, Eddie Cooley
Tekstforfattar Otis Blackwell, Eddie Cooley
Låtskrivar(ar)
Peggy Lee-kronologi 
«Joey, Joey, Joey»
(1956)
Fever «Light of Love»
(1958)


Bakgrunn og komposisjon[endre | endre wikiteksten]

I mai 1958 spelte Peggy Lee inn sin versjon av songen i Hollywood, med ein omskriven tekst av Lee sjølv.[12][13] «Fever» kom ikkje med på Lee-albumet Things Are Swingin' då dette kom ut i 1959, men kom ut som eit bonusspor på ei nyutgjeving i 2004.[12] Den omskrivne teksten til Lee inneheld historiske hendingar (der versa byrjar med «Romeo loved Juliet,» og «Captain Smith and Pocahontas») som i dag vert rekna som ein standarddel av songen, og som er blitt nytta i dei fleste innspelingane av «Fever».[2]

Lee-versjonen, som truleg vart arrangert av ho sjølv (trass i at arrangøren offisielt var dirigenten Jack Marshall) var ein meir langsam versjon enn originalen,, og er blitt skildra å ha ei «sentimental bar»-stemning, berre akkompagnert av bass (spelt av Joe Mondragon) og minimalt med trommer (hovudsakleg spelt med fingrane av Shelly Manne), medan knipsinga vart gjort av anten songaren sjølv, Howard Roberts, som var gitaristen hennar, eller produsenten Dave Cavanaugh.[14] Lee-utgåva vart vidare skildra som «glatt, uanstendig».[15] Han vart skriven i a-moll med eit mellomraskt swingtempo på 135 slag i minuttet. Vokalen til Lee strekkjer seg frå G3 til H4.[16]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Ein skribent på nettsida NPR kalla «Fever» «den mest minneverdige melodien» til Lee og meinte han var «smygande og uetterlikneleg». Han skreiv òg at songen synte eigenskapar som òg skildra songaren – «den leikne leveringa, karismaen og seksualiteten».[17]

Lee-versjonen nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100 i USA og låg i alt 12 veker inne på lista.[18] Han nådde femteplassen på UK Singles Chart der han først gjekk inn 15. august 1958. Ei nyutgjeving av singelen gjekk inn på den britiske lista igjen i 1992, då ei veke på 75. plassen.[19] Andre stader i Euroap nådde Lee sin «Fever» åttandeplassen på den nederlandske singellista.[20] Songen nådde òg andreplassen på den australske singellista og vart den 20. bestseljande singelen i landet i 1958.[21]

Han vart nominert i kategoriane årets singel, årets song og årets beste kvinnelege song under den først Grammyprisutdelinga i 1959.[22][23] Lee sin versjon av «Fever» vart signaturlåten og den mest kjende songen hennar.[5][12][24] Han vart rangert på 100. plassen i boka 1001 Songs You Must Hear Before You Die av Robert Dimery.[25] Joey Cohn rangerte songen som den tiande beste jazz-vokalsongen på ei liste over 50 songar på NPR.[26]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Originalversjonen
Lister (1958) Plassering
Australia (Kent Music Report)[21] 2
Nederland (Mega Single Top 100)[20] 8
UK Singles (Official Charts Company)[19] 5
US Billboard Hot 100[18] 8
US Hot R&B/Hip-Hop Songs (Billboard)[27] 5
Nyutgjeving
Lister (1992) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[19] 75
Årslister
Lister (1958) Plassering
Australia (Kent Music Report)[21] 20
US Billboard Hot 100[28] 76

Madonna-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Fever
Singel av Madonna
frå albumet Erotica
Språk engelsk
Utgjeve 6. mars 1993
Innspelt
Sjanger
Lengd 5:00
Selskap
Komponist Otis Blackwell, Eddie Cooley
Tekstforfattar Otis Blackwell, Eddie Cooley
Låtskrivar(ar)
Produsent
Madonna-kronologi 
«Bad Girl»
(1993)
Fever «Rain»
(1993)


I 1992 spelte den amerikanske songaren og låtskrivaren Madonna inn ein versjon av «Fever» for det femte studioalbumet sitt, Erotica. Ho var produsent på songen i lag med Shep Pettibone. Madonna var i studio og hadde nettopp spelt inn ein song kalla «Goodbye to Innocence».[29] Ho var i ferd med å gjere songen ferdig då ho brått byrja å syngje teksten til «Fever» over «Goodbye to Innocence». Madonna likte måten det høyrdest ut og spelte dette inn.[29] «Goodbye to Innocence» vrt aldri gjeve ut på eit Madonna-album, men kom ut på Just Say Roe, eit veldedig album, og ein dub-miks av denne kalla «Up Down Suite» var eit bonusspor på singelen «Rain». I september 2008 vart Madonna-versjonen av «Fever» nytta i marknadsføringa av femte sesongen av Desperate Housewives.[30]

Sjølv om «Fever» aldri vart gjeven ut på singel i USA, vart han ein dance-hit, og vart den 15. songen til Madonna som nådde toppen av Billboard Hot Dance Club Play. Dette skjedde veka 15. mai 1993.[31] I Storbritannia debterte songen på sjetteplassen på UK Singles Chart i veka 3. april 1993.[32] Han nådde toppen av den finske singellista 15. april 1993.[33] I Irland nådde songen sjetteplassen, og han nådde listene fleire stader i Europa.[34]

Musikkvideoen til «Fever» vart regissert av Stéphane Sednaoui, og vart filma 10. og 11. april 1993 i Greenwich Studios i Miami,[35] og vart send på MTV første gongen 11. mai det året. Han har sidan kome ut på DVD-samlinga The Video Collection 93:99.[36]

Madonna framførte «Fever» og «Bad Girl» på Saturday Night Live i januar 1993.[37][38] Madonna framførte òg «Fever» på turneen hennar i 1993, Girlie Show World Tour.[39][40]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister
Liste (1993) Plassering
Australia (ARIA)[34] 51
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[41] 22
Finland (Suomen virallinen lista)[33] 1
Frankrike (SNEP)[42] 31
Irland (IRMA)[43] 6
Italia (FIMI)[44] 12
New Zealand (RIANZ)[45] 17
UK Singles (Official Charts Company)[46] 6
US Hot Dance Club Songs (Billboard)[47] 1
Årslister
Liste (1993) Plassering
Italia (FIMI)[48] 67
US Hot Dance Club Songs (Billboard)[49] 44

Beyoncé-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Fever
Song av Beyoncé
frå albumet Heat
Utgjeve 8. februar 2010
Sjanger
Lengd 3:32
Selskap Columbia
Komponist Otis Blackwell, Eddie Cooley
Tekstforfattar Otis Blackwell, Eddie Cooley
Låtskrivar(ar)
  • John Davenport
  • Eddie Cooley
  • Peggy Lee (ikkje oppført)
Produsent
  • Chink Santana
  • Beyoncé Knowles

Den amerikanske songaren Beyoncé spelte inn ein versjon av «Fever». Originalinnspelinga hennar av songen vart nytta i filmen The Fighting Temptations i 2003, der ho òg spelte hovudrolla.[50][51] Beyoncé-versjonen vart produsert av Damon Elliott og spelt inn medan ho arbeidde med innspelinga av filmen Austin Powers in Goldmember i 2002. Elliott føreslo at ho kunne spele inn «Fever» sidan det var ein av favorittsongane hans.[52]

Beyoncé framførte «Fever» på The Tonight Show with Jay Leno den 17. september 2003 for å marknadsføre The Fighting Temptations.[53] Ho spelte òg songen på den første soloturneen hennar, Dangerously in Love Tour, og songen kom i 2004 ut på konsertalbumet Live at Wembley, som vart filma under ein konsert i London.[54] Beyoncé-versjonen kom ut på Speak My Mind i 2005.[55]

Etter ho sleppte den første parfymen sin på marknaden, Heat, spelte Beyoncé inn ein ny versjon av «Fever» for å marknadsføre parfymen.[56] Den nyinnspelte versjonen frå 2010 vart produsert av Chink Santana og Beyoncé sjølv. Han vart tilgjengeleg for digital nedlasting på iTunes Store i USA den 8. februar 2010.[57][58] Dagen etter kom songen ut i Storbritannia.[59]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Elvis Presley gav ut ein versjon som var nesten identisk Lee-versjonen to år seinare, i 1960 på albumet Elvis is Back.[2] Den britiske songaren Helen Shapiro spelte inn ein powerhouse-versjon av «Fever» i 1964. Versjonen hennar nådde 38. plassen på UK Singles Chart i januar det året.[60][61] The Kingsmen gav ut ein versjon på debutalbumet deira The Kingsmen In Person i 1964.[62] Paul Revere & the Raiders spelte inn songen for albumet Here They Come! i 1965.[63] Seint i 1965 gav The McCoys ut ein versjon av songen «Fever», som hadde ein liknande rytme som den tidlegare hitten deira, «Hang On Sloopy».[2] The McCoys-versjonen av «Fever» nådde sjuandeplassen på Billboard Hot 100 og 34. plassen på Den tyske singellista.[64][65] I 1967 gav James Brown ut ein versjon av songen for albumet Cold Sweat. Musikkritikaren Robert Christgau meinte at å ta med «Fever» på dette albumet «lukta litt rart».[66] La Lupe spelte inn songen på albumet Queen of Latin Soul i 1968.[67] Versjonen hennar vart kjend verda over[68] og Elizabeth Bougerol skreiv for NBCNewYork.com at dette var ein av «dei beste versjonane nokon gong» av «Fever» og at det var ein sjølvskriven song på mange boogaloo-festar.[69] I 1972 spelte Rita Coolidge inn «Fever» for albumet The Lady's Not for Sale og vart ein liten hit for ho.[70][71] Versjonen hennar nådde 76. plassen på Billboard Hot 100.[72] Suzi Quatro spelte sin versjon av «Fever» på Your Mamma Won't Like Me i 1975. Dave Thompson frå AllMusic kalla versjonen hennar «lunken».[73] Boney M.-albumet Take the Heat Off Me frå 1976 inneheld ein versjon av songen.[74] Madleen Kane gav ut ein versjon i 1978 som nådde 19. plassen på Canadian Dance Chart.[75]

Den indiske songaren Usha Uthup gav ut songen på albumet Usha In Nairobi i 1978.[76] På debutalbumet Songs the Lord Taught Us i 1980, spelte The Cramps inn «Fever». Denne versjonen vart brukt i 2009 i komedien The Hangover.[77] Under turneen deira i 1982 spelte den britiske gruppa The Jam songen i ein medley med sin eigen «Pity Poor Alfie» og Ray Charles sin «Hit the Road Jack». Ein studioversjon av dei to første i medleyen vart seinare gjeven ut i september 1982 som B-sida til singelen «The Bitterest Pill (I Ever Had to Swallow)».[78] Amanda Lear sin versjon av «Fever» kom ut på singel i 1982.[79] Ho song songen på fleire fjernsynsshow, som det tyske Ein Kessel Buntes og det italienske Premiatissima. Singelen selde derimot dårleg og gjekk ikkje inn på salslistene.

«Fever» er òg blitt spelt av Grateful Dead-gitarist Bob Weir. To av konsertalbuma til Wir, begge spelte inn seint i 1980-åra, inkluderte songen - Live (gjeve ut i 1998) og Fall 1989: The Long Island Sound (gjeve ut i 2013). Weir framfførte berre songen ein gong med Grateful Dead, den 13. september 1987 i Capital Centre i Landover i Maryland.[80]

Ein versjon av songen med same musikk, men anna tekst, kalla «Pennant Fever», vart spelt inn av sju av spelarane på Chicago Cubs i 1969.[81]

I 1993 spelte Tom Verlaine inn ein versjon av «Fever» for eit hyllestalbum for Otis Blackwell, Brace Yourself: A Tribute To Otis Blackwell.[82] I 1995 gav den argentiske musikaren Charly García ut albumet Estaba en llamas Cuando me Acosté med ein versjon av «Fever».[83] I 2003 gav Michael Bublé ut ein versjon av songen på debutalbumet sitt. Aaron Latham frå AllMusic rekna versjonen som eit høgdepunkt.[84] I 2004 gav han ut eit konsertopptak av songen på Come Fly with Me.[85] I 2004 spelte Kate Ceberano inn songen for albumet hennar 19 Days in New York.

I 2005 spelte Bette Midler inn ein Peggy Lee-versjonen for albumet hennar Bette Midler Sings the Peggy Lee Songbook.[86] Han vart gjeven ut på singel 21. mars 2006.[87] Midler framførte songen på Late Show with David Letterman. Gruppa Fishtank Ensemble spelte songen for albumet Woman In Sin i mai 2010.[88] I 2012 spelte Barry Gibb «Fever» på ein konsert på Hard Rock Cafe i Miami i lag med sin eigen «Stayin' Alive» i eit tempo som følgde Lee-versjonen. Lulu Roman spelte ein versjon i 2013 for albumet At Last.[89]

Versjonar av songen[endre | endre wikiteksten]

Andre språk[endre | endre wikiteksten]

Det finst to versjonar av songen på fransk. Den første, kalla «39 de fièvre» av Boris Vian. Denne er blitt framført av Gabriel Dalar i 1958, Caterina Valente og Jo Boyer et son orchestre i 1959 , Marie France i 1981, Betty & The Bops i 2002, Jenny Rock, Babette Bruneau og Georges Jouvin. Den andre franske versjonen heiter «Docteur», omsett og framført av Claude Nougaro i 1965. Denne versjonen er òg blitt framført av Térez Montcalm i 2015.

Det finst to tyske omsetjingar av songen, berre kalla «Fieber». Den første vart omsett av Peter Moesser og er blitt framført av Cindy Ellis i 1959 og Daliah Lavi i 1971. Den andre versjonen vart omsett av Fred Weyrich og framført av Joy Fleming i 1975.

Det finst tre nederlandske omsetjingar av songen, to av dei med tittelen «Liever». Den eine vart omsett av Hugo Matthysen og framført av Bart Peeters i 1989. Den andre vart omsett og framført av Amaryllis Temmerman i 2007. Den tredje versjonen heiter «Zever» og vart omsett av Robert Van 'T Groenewolt og Ive Gorris og framført av Schuppezot i 2007.

Bruno Lauzi skreiv og framført ein italiensk tekst til songen, kalla «Garibaldi» i 1965. Ein finsk versjon, kalla «Kuume» vart skriven og framført av Pave Maijanen i 1984. Ein svensk versjon kalla «Feber» vart skriven av Åke Gerhard og framført av Anne-Lie Rydé i 1994.

I andre media[endre | endre wikiteksten]

Den 3. juni 1976 song Rita Moreno «Fever» i ein episode av The Muppet Show, med Animal på trommmer, der han spelar meir aggressivt enn naudsynt. Moreno tek til slutt to cymbalar og slår Animal i hovudet for å få han til å stoppe.[90] Songen er blitt framført i mange andre filmar og TV-seriar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Little Willie John, «Fever» chart positions. Henta 27. september 2016
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Dahl, Bill. «Fever - Little Willie John». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 20. oktober 2016. 
  3. Eddie Cooley at Black Cat Rockabilly
  4. Peggy Lee Diskografi, arkivert frå originalen 3. mars 2016, henta 20. oktober 2016 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 «100 Best Songs of the 1950s - #96 Little Willie John, 'Fever'». NME (Time Inc. UK). Henta 20. oktober 2016. 
  6. 6,0 6,1 «Little Willie John - Awards». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 20. oktober 2016. 
  7. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 301. 
  8. «Consumer Guide Reviews: Little Willie John». Robert Christgau. Henta 20. oktober 2016. 
  9. Marsh, Dave. «The 1001 Greatest Singles, by Number». Control.lth.se. Arkivert frå originalen 4. februar 2002. Henta 20. oktober 2016. 
  10. Wynn, Ron. «Fever: The Best of Little Willie John - Little Willie John». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 20. oktober 2016. 
  11. Phares, Heather. «The Very Best of Little Willie John - Little Willie John». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 20. oktober 2016. 
  12. 12,0 12,1 12,2 Bush, John. «Things Are Swingin' - Peggy Lee». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 20. oktober 2016. 
  13. Richmond, Peter (2007). Fever: The Life and Music of Miss Peggy Lee. Macmillan. s. 318. ISBN 978-1-466-81880-4. Henta 20. oktober 2016. 
  14. Santiago-Mercado, Iván. «The Peggy Lee Bio-Diskografi And Videography: Observations About The Song 'Fever'». Henta 20. oktober 2016. 
  15. ««Fever» Singer Peggy Lee Is Hot Again». CBS News. May 17, 2010. Henta 20. oktober 2016. 
  16. «Peggy Lee «Fever» Sheet Music». Musicnotes.com. BMG Rights Management. Henta 20. oktober 2016. 
  17. «Delving into Peggy Lee's Steamy Mystique». NPR. May 6, 2006. Henta 20. oktober 2016. 
  18. 18,0 18,1 «Peggy Lee - Chart history». Billboard. Henta 20. oktober 2016. 
  19. 19,0 19,1 19,2 "Chart Stats – Peggy Lee – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 20. oktober 2016.
  20. 20,0 20,1 "Dutchcharts.nl – Peggy Lee – Fever" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 20. oktober 2016.
  21. 21,0 21,1 21,2 Kent, David (2005). Australian Chart Book 1940 - 1969. Australian Chart Book Pty Ltd, Turramurra, N.S.W. ISBN 0-646-44439-5. 
  22. «GRAMMY Rewind: 1st Annual GRAMMY Awards». National Academy of Recording Arts and Sciences. 4. januar 2012. Henta 20. oktober 2016. 
  23. «The Grammys - Peggy Lee». Peggylee.com. Henta 20. oktober 2016. 
  24. Wiederhorn, Jon (22. januar 2002). «Singer Peggy Lee, Who Gave The World 'Fever,' Dies At 81». MTV News. MTV Networks. Henta 20. oktober 2016. 
  25. Dimery, Robert; Visconti, Tony (2010). 1001 Songs You Must Hear Before You Die. United Kingdom: Quintessence Editions. ISBN 0789320894. 
  26. «The Mix: 50 Great Jazz Vocals». NPR. 7. februar 2013. Henta 20. oktober 2016. 
  27. «Peggy Lee > Awards». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 20. oktober 2016. 
  28. «1958 Billboard Top 100 Songs». Billboard. Prometheus Global Media. Arkivert frå originalen 13. oktober 2014. Henta 20. oktober 2016. 
  29. 29,0 29,1 Pettibone, Shep. «Erotica Diaries - Written by Shep Pettibone». ShepPettibone.com. Arkivert frå originalen 27. juli 2016. Henta 20. oktober 2016. 
  30. «Sounds and Visions». Billboard 120 (47): 31. November 22, 2008. ISSN 0006-2510. Henta 20. oktober 2016. 
  31. «Dance Club Songs : May 15, 1993». Billboard (Business Media Inc.). Henta 20. oktober 2016. 
  32. «Your charts for 3rd April 1993». Official Charts Company. 3. april 1993. Henta 20. oktober 2016. 
  33. 33,0 33,1 Nyman, Jake (2005). Suomi soi 4: Suuri suomalainen listakirja (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Tammi. ISBN 951-31-2503-3. 
  34. 34,0 34,1 Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988-2010. Mt. Martha, VIC, Australia: Moonlight Publishing. 
  35. «Madonna.com > News > Madonna's Fever" video is filmed by Stephane Sednaoui in Miami». Madonna.com. Henta May 12, 2014. 
  36. «Inlay credits». The Video Collection 93:99 (VHS, DVD, CD). Madonna. Warner Bros. 1999. 9362-49729-6. 
  37. Parish & Pitts 2003, s. 525
  38. «Another 'Bad Girl' Rips Up a Photograph on 'SNL'». Deseret News. 18. januar 1993. Henta 20. oktober 2016. 
  39. Lenig, Stuart (16. juni 2010). The Twisted Tale of Glam Rock. s. 145. ISBN 9780313379864. Henta 24. februar 2013. 
  40. Madonna: The Rolling Stone Files : The Ultimate Compendium of Interviews, Articles, Facts and Opinions from the Files of Rolling Stone. Rolling Stone. 1997. ISBN 978-0786881543. Henta 24. februar 2013. 
  41. "Ultratop.be – Madonna – Fever" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 5. september 2014.
  42. "Lescharts.com – Madonna – Fever" (på fransk). Les classement single. Hung Medien. Henta 4. september 2014.
  43. "The Irish Charts – Search Results – Fever". Irish Singles Chart. Retrieved 4. september 2014.
  44. «Madonna: Discografia Italiana» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 8. januar 2010. 
  45. "Charts.org.nz – Madonna – Fever". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 5. september 2014.
  46. "Chart Stats – Madonna – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 4. september 2014.
  47. "Madonna Album & Song Chart History" Billboard Hot Dance/Club Play for Madonna. Prometheus Global Media. Henta 4. september 2014.
  48. «I singoli più venduti del 1993» [Top Singles of 1993] (på italiensk). Hit Parade Italia. Federation of the Italian Music Industry. 31. desember 1996. Henta 6. juni 2012. 
  49. «1993 Hot Dance Music Club Play Singles». Billboard. 31. desember 1993. Arkivert frå originalen 8. oktober 2012. Henta 6. juni 2012. 
  50. «Beyonce Tunes Lead 'Temptations' Soundtrack». Billboard. 13. august 2003. Henta 20. oktober 2016. 
  51. Phares, Heather. «The Fighting Temptations». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 20. oktober 2016. 
  52. Wiederhorn, Jon (12. april 2002). «Damon Elliott Gives Beyonce 'Fever,' Writes Lame Raps». MTV News. MTV Networks. Henta 20. oktober 2016. 
  53. The Tonight Show with Jay Leno. 17. september 2003. NBC. 
  54. «Live at Wembley - Beyoncé». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 20. oktober 2016. 
  55. «Speak My Mind». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 20. oktober 2016. 
  56. «Beyoncé Catches 'Heat' in Fragrance Ads». Rap-Up. 29. desember 2009. Henta 20. oktober 2016. 
  57. «Fever - Single by Beyoncé - Download Fever - Single on iTunes». US: iTunes Store. Apple Inc. Henta 20. oktober 2016. 
  58. «Fever: Beyonce». Amazon.com. Amazon Inc. Henta 20. oktober 2016. 
  59. «Fever». Amazon UK. Amazon Inc. Henta 20. oktober 2016. 
  60. Sendra, Tim. «At Abbey Road 1961-1967». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 20. oktober 2016. 
  61. «Helen Shapiro». UK Singles Chart. Henta 20. oktober 2016. 
  62. Rabid, Jack. «The Kingsmen in Person - The Kingsmen». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 20. oktober 2016. 
  63. http://www.allmusic.com/album/here-they-come!-mw0000079839
  64. «The McCoys - Chart History». Billboard. Henta 20. oktober 2016. 
  65. «Ultratop.be - The McCoys - Fever». Ultratop.be. Hung Medien. Henta 20. oktober 2016. 
  66. «James Brown». Robert Christgau. Henta 9. september 2014. 
  67. «La Lupe - Queen of Latin Soul». discogs. Henta 20. oktober 2016. 
  68. «Independent Lens. La Lupe Queen of Latin Soul». PBS. Henta 20. oktober 2016. 
  69. Bougerol, Elizabeth (9. september 2011). «My Playlist: DJ Turmix Schools Us in Boogaloo». NBCNewYork.com. Henta 20. oktober 2016. 
  70. S. Ginell, Richard (15. juli 2004). «Review: 'A Tribute to Miss Peggy Lee'». Variety. Henta 20. oktober 2016. 
  71. Pruett, Jon. «Rita Coolidge - The Lady's Not for Sale». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 20. oktober 2016. 
  72. «Rita Coolidge - Awards». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 20. oktober 2016. 
  73. Thompson, Dave. «Your Mamma Won't Like Me - Suzi Quatro». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 20. oktober 2016. 
  74. «Opptak the Heat Off Me by Boney M.». United Kingdom: iTunes Store. Apple Inc. Henta 12. september 2014. 
  75. Dance/Urban - Volume 28, No. 25 18. mars 1978, arkivert frå originalen 28. juni 2016, henta 20. oktober 2016 . magasinet RPM.
  76. Sen, Radhika (12. oktober 2010). «Yesterday once more». The Telegraph (ABP Group). Henta 20. oktober 2016. 
  77. «Various Artists - The Hangover (Original Motion Picture Soundtrack)». Amazon.com. Henta 20. oktober 2016. 
  78. «Pity Poor Alfie/Fever - The Jam». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 9. september 2014. 
  79. «Amanda Lear – Fever (Vinyl)». discogs. Henta 9. september 2014. 
  80. Scott, John W.; Dolgushkin, Mike; Nixon, Stu. (1999). DeadBase XI: The Complete Guide to Grateful Dead Song Lists. Cornish, NH: DeadBase. s. 70. ISBN 1-877657-22-0. 
  81. Sullivan, Paul (27. juni 2016)
  82. «Brace Yourself! - A Tribute To Otis Blackwell by Various Artists». US: iTunes Store. Apple Inc. Henta 20. oktober 2016. 
  83. Estaba en llamas Cuando me Acosté (Compact Disc liner notes). Charly García. Columbia. 1995. 2-478667. 
  84. Latham, Aaron. «Michael Bublé - Michael Bublé». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 20. oktober 2016. 
  85. «Come Fly With Me (CD & DVD)». Amazon.com. Amazon Inc. Henta 20. oktober 2016. 
  86. «Bette Midler Sings the Peggy Lee Songbook by Bette Midler». US: iTunes Store. Apple Inc. Henta 20. oktober 2016. 
  87. «Fever (Club Mixes) - EP by Bette Midler». US: iTunes Store. Apple Inc. Henta 20. oktober 2016. 
  88. «Woman In Sin by Fishtank Ensemble». US: iTunes Store. Apple Inc. Henta 12. september 2014. 
  89. «Lulu Roman Recruits Dolly Parton, Georgetta Jones on New Album». Billboard. 14. januar 2013. Henta 20. oktober 2016. 
  90. Adams, Erik (November 15, 2011). «The Muppet Show: «Episode 104: Ruth Buzzi»/«Episode 105: Rita Moreno»». The A.V. Club (The Onion, Inc.). Henta 20. oktober 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]