Fforest Fawr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fforest Fawr er namnet på eit omfattande høgland i grevskapet Powys i Wales. Det vart tidlegare kalla Great Forest of Brecknock på engelsk, og var eit kongeleg jaktområde i fleire hundreår, men vert i dag hovudsakleg nytta til sauebeite, skogbruk, fritidsliv og som vasskjelde. Området ligg innanfor Brecon Beacons nasjonalpark.

Området strekkjer seg frå Black Mountain i vest og austover til vegen mellom Brecon og Merthyr Tydfil, like vest for sjølve Brecon Beacons. Her ligg fjelltoppane Fan Fawr (734m), Fan Frynych (629m), Craig Cerrig-gleisiad (629m), Fan Llia (632m), Fan Nedd (663m), Fan Gyhirych (725m), Fan Bwlch Chwyth (603m) og Cefn Cul (562m). Tradisjonelt har Fforest Fawr òg omfatta Fan Hir og Fan Brycheiniog, men desse vert i dag rekna som ein del av Black Mountain.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ordnance Survey 1:25,000 scale Explorer map OL12 'Brecon Beacons National Park; western area'

Koordinatar: 51°51′N 3°35′W