Fiat panis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logoen til FAO.

Fiat panis er eit latinsk uttrykk som tydar «det verte brød» eller «lat det bli brød». Det er nytta som motto av SN-organisasjonen Food and Agriculture Organization (FAO), og er teke med i logoen for organisasjonen. Mottoet vart føreslått av den første generalsekretæren i FAO, John Boyd Orr, etter mønster av det latinske omgrepet fiat lux («det verte lys»).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]