Fibiar
Fibiar | |
![]() Svartfibi, Sayornis nigricans | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Infraorden: | Tyrannida |
Familie: | Tyrannfamilien Tyrannidae |
Slekt: | Fibiar Sayornis Bonaparte, 1854 |
Fibiar (Sayornis) er ei biologisk slekt av små sporvefuglar som er medlemmar av tyrannfamilien (Tyrannidae). Slekta omfattar tre artar med eit samla utbreiingsområde som strekkjer seg frå Alaska og austlege delar av Canada, gjennom Nord- og Mellom-Amerika, og sørover langs Andesfjella i Sør-Amerika til det nordvestlege Argentina.
Etymologi
[endre | endre wikiteksten]Det vitskaplege slektsnamnet Sayornis kjem frå artsnamnet Sayornis saya for brunfibi, der epitetet saya er gitt til ære for den amerikanske entomologen Thomas Say (1787–1834). Namnet inneheld også det greske ordet ορνις ornis eller ορνιθος ornithos, som tyder «fugl».[1]
Kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Fuglane i denne slekta er mellomstore tyrannfuglar, med ei kroppslengd mellom 17 og 19 cm. Dei skil seg frå piviane i slekta Contopus ved at dei ofte senkar og spreier stjerten, og frå empidar (Empidonax) ved at dei manglar tydelege vengband og augekantar.
Arten svartfibi, S. nigricans, skil seg tydeleg frå dei to andre med sitt svarte hovud, overside og bryst, medan dei andre to har gråbrun rygg og bleikt bryst.[2]
Dei to nordlegaste artane (gråfibi S. phoebe og brunfibi S. saya) er trekkfuglar som flyttar sørover om vinteren. Dei forlet vinterområda sine tidleg i mars og kjem attende i september–oktober. Desse artane trivst i halvopne habitat og blir ofte observert i nærleiken av menneskeskapte strukturar som bygningar og bruer. Dei finst også ofte, men ikkje alltid nær vatn.[3][1]
Artsoversyn
[endre | endre wikiteksten]Slekt Sayornis i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025,[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5] Verdas naturvernunion, IUCN, har vurdert alle artane som livskraftige:[6]
Bilete | Norsk namn | Vitskapleg namn | Autor | Utbreiing |
---|---|---|---|---|
![]() |
Gråfibi | Sayornis phoebe | (Latham, 1790) | ![]() |
![]() |
Svartfibi | Sayornis nigricans | (Swainson, 1827) | ![]() |
![]() |
Brunfibi | Sayornis saya | (Bonaparte, 1825) | ![]() |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Første versjon av denne artikkelen var baset på «Sayornis» frå Wikipedia på spansk, den 23. april 2025
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 Schukman, J. M. and B. O. Wolf (2020). «Say's Phoebe (Sayornis saya)», version 1.0. I Birds of the World (P. G. Rodewald, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.saypho.01}}
- ↑ Wolf, B. O. (2020). «Black Phoebe (Sayornis nigricans)», version 1.0. I Birds of the World (A. F. Poole and F. B. Gill, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.blkpho.01
- ↑ Weeks Jr., H. P. (2020). «Eastern Phoebe (Sayornis phoebe)», version 1.0. I Birds of the World (A. F. Poole, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.easpho.01
- ↑ Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2025. IOC World Bird List (v15.1). doi : 10.14344/IOC.ML.15.1 Henta 23. april 2025
- ↑ «Norske navn på verdens fugler». Norsk navnekomité for fugl (NNKF). 23. april 2025. søk på Sayornis
- ↑ BirdLife International (2024). «Sayornis». IUCN - Global raudliste. Henta 23-04-2025.