Fibula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå leggbein.
Germanske fibulaer frå tidleg 400-tal, Kunsthistorisches Museum i Wien
Den hellenistiske Braganza-brosja frå 250-200 f.Kr., British Museum, London
To ørneforma fibulaer frå 500-talet gunne ved Tierra de Barros (Spania, då det visigotiske kongedømmet) som er laga av gullblad over bronse.[1] The Walters Art Museum.
Lombardisk forgylla sylvbrosje frå Toscana, ca. 600, ein av dei største i sitt slag (British Museum)

Fibula (/ˈfɪbjʊlə/, fleirtal fibulae /ˈfɪbjʊli/) er ei brosje eller ei nål ein kan bruka til å festa klede med, typisk ved høgre skulder.[2] Det blei utvikla fibula i ei rekkje ulike former, men alle blei laga etter same prinsippet som ei sikringsnål. Til forskjell frå mange moderne brosjer var ikkje fibulaer berre dekorative; dei hadde opphavleg ein praktisk funksjon med å festa klede, som kapper.

Det finst hundretals ulike fibulatypar. Dei blir vanlegvis inndelte i grupper etter kva historiske tidsrom, område og/eller kulturar dei kjem frå. Fibulaer kan også delast inn i klassar ut frå hovudforma si. Fibulaer erstatta beine nåler som blei brukte til å festa klede i yngre steinalder og bronsealderen. I sin tur blei fibulaer erstatta som kledefeste i mellomalderen av knappar. Sikringsnål og brosjer som er avleidde frå dei er framleis i bruk i moderne tid.

I det gamle Roma og andre latinske stader blei det same ordet brukt både om brosjer og leggbeinet fordi ei populær brosjeform minna om forma på beinet. Ein kunne også bruka fibulaer som votivgåver til guddommar.[2]

Det er vanleg å finna mista fibulaer, eller delar av dei, i samband med bruk av metalldetektor.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste fibulaer var laga av bronse (ei kopar-egering) eller jern, eller begge delar. Nokre av dei var laga av edelmetall som sylv eller gull. Dei fleste fibulaer består av berre eitt eller to stykke. Mange av dei er dekorerte med emalje, halvedelsteinar, glas, korall eller bein.

Detalje av ei runeinnskrift frå den eldre futharken og ein svastika på ei nål frå 200-talet frå Værløse.

Fibulaer har fire komponentar: kropp, nål, fjør og hengsle.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Fibulaer blei opphavleg brukt til å festa klede. Dei var ei forbetring av den tidlegare rette nåla som var mindre sikker og kunne falla ut. Medan ein kunne dekorera toppen av ei nål, gav utforming av fibulaer større rom for dekorasjon. I nokre kulturar kunne ulike fibula-design ha særskild symbolsk tyding. Dei kunne til dømes visa til sosial status eller yrke, som gift eller ugift kvinne, mann, krigar eller hovding. Nokre romerske fibulaer kunne symbolisera ulik rang eller posisjon i dei romerske legionane.

Mellomalderbrosjar[endre | endre wikiteksten]

For nåler frå mellomalderen bruker ein sjeldan nemninga fibula, men går over til å kalla dei brosjer. Dei to vanlegaste typane er ringbrosjer, som kan ha rundt, firkanta eller oppdelt utforming, og flate platebrosjer, eller merke, med form som people eller dyr. Desse fanst i spesialiserte former som pilgrimsmerke eller uniformsmerke. Dei blei vanlegvis laga i store mengder av billige metall, som bly, men det finst også kostbare døme som Dunstable Swan Jewel. Desse brosjene er for det meste dekorative, og blei truleg sjeldan brukt til å festa klede.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Pair of Eagle Fibula». The Walters Art Museum. Arkivert frå originalen 3. november 2013. Henta 18. september 2012. 
  2. 2,0 2,1 «fibula». fashionhistory. Henta 30. mars 2019.