Fiesole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå Fiesole
Domkyrkja i Fiesole vart bygt frå 1028

Fiesole er ein by og ein kommune i provinsen Firenze i regionen Toscana i Italia. Kommunen har 14 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 42,2 km². Byen ligg 295 meter over havet på ei høgde ovanom provinshovudstaden Firenze, åtte kilometer i nordaust.

Fiesole (etruskisk: Viesul, Viśl, Vipsul) vart truleg grunnlagd i det niande eller åttande hundreåret før Kristi fødsel. Byen er nemnd fyrste gongen i 283 f.Kr. då han vart erobra av romarane.

Tidleg i mellomalderen var Fiesole i fleire hundre år ein bystat, like mektig som Firenze i dalen under. Dei to byane kriga mot kvarandre fleire gongar, både i 1010 og 1025 vart Fiesole plyndra av Firenze. År 1125 vart Fiesole erobra av Firenze, og folka frå dei mektigaste slektene i Fiesole vart tvinga til å busetje seg i Firenze.

I dag ser ein restar av etruskiske murar, romerske bad og eit romersk teater, samt ei kyrkje frå 1028 i toskansk-romansk stil.

Toneskaparen Francesco Landini og fotballspelaren Andrea Barzagli vart fødde i Fiesole.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]