Fighting av Thin Lizzy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fighting
Studioalbum av Thin Lizzy
Språk engelsk
Utgjeve 12. september 1975
Innspelt Mai 1975
Studio Olympic Studios, London
Sjanger
Lengd 37:56
Selskap Vertigo
Mercury (Canada and 1976 US re-release)
Produsent Phil Lynott
Thin Lizzy-kronologi 
Nightlife
(1974)
Fighting Jailbreak
(1976)


Fighting er det femte studioalbumet til det irske rockebandet Thin Lizzy, gjeve ut i 1975. Etter utgivinga av fire studioalbum, skapte bandet til slutt ein identifiserbar lyd med tvillinggitarane til Scott Gorham og Brian Robertson. Dette lydbiletet trekkjer vekslar frå hardrock, folk, pop og rhythm and blues. Det la grunnlaget for det store kommersielle gjennombrotet til oppfølgjaralbumet Jailbreak. Albumet var òg deira første album på hitlistene i Storbritannia, med ein 60. plass.[1]

Songar[endre | endre wikiteksten]

Låten «Suicide» vart opphavleg framført av Thin Lizzy då gitaristen Eric Bell framleis var med i bandet, mellom anna på ei BBC-sending spelt inn i juli 1973.[2] Han vart først framført med ein annan tekst under tittelen «Baby's Been Messing», og mangla midtpartiet som finst på Fighting. Ein song som ikkje var på noko album, «Half-Caste», vart gitt ut på B-sida av den originale «Rosalie»-singelen. Eit anna spor som vart spelt inn på Fighting-sesjonane var «Try a Little Harder», som til slutt vart gitt ut på Vagabonds, Kings, Warriors, Angels-boksen i 2002.

Fighting er det einaste andre Thin Lizzy-albumet bortsett frå 1971-debuten der andre bandmedlemmer enn Phil Lynott har skrive enkelte låtar åleine. Bell skreiv «Ray Gun» på debuten, og Robertson og Gorham skreiv høvesvis «Silver Dollar» og «Ballad of a Hard Man».

Europe-gitaristen John Norum spelte inn «Wild One» på solodebutalbumet sitt Total Control.[3] Europe spelte «Suicide» på livealbumet Almost Unplugged frå 2008.[4]

Sjølv om den karakteristiske Thin Lizzy-logoen (designa av Jim Fitzpatrick) ofte vart brukt på samlealbum, varer og som scenekulissar på konsertane til bandet gjennom åra, var dette det einaste studioalbumet til Thin Lizzy som hadde han på omslaget.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[5]
Collector's Guide to Heavy Metal10/10[6]

Stephen Thomas Erlewine frå AllMusic skildra Fighting som eit «anstrengt, opprulla, vondskapsfullt rock & roll-album», som Thin Lizzy byrja nsi klassiske æra med. Han framheva Gorham og Robertson sitt tvillinggitar-samspel og skildra denne besetninga som «vital og visceral», og la til at Lynott hadde gjort eit sprang framover som låtskrivar, «fullt blømande som ein rock & roll-poet». [5] I sin Collector's Guide to Heavy metal kalla Martin Popoff Fighting ein «sjelfull, rørande hardrock-klassikar», der «Robertson og Gorham sine flytande gitarharmoniar blir ein integrert del av Lizzy-soundet, vove inn i sjølve stoffet i arrangementet» og «historiane om fredlause og utstøytte» når «ein ganske grandios, historieomfattande, tragisk skala.»[6].

«Eg var ein Lizzy-fan,» hugsa Sounds-skribenten og framtidig Kerrang!-grunnleggjar Geoff Barton, «men Fighting heldt ikkje mål for meg på den tida. Den andre plata til bandet med den nye besetninga med to gitarar er eit adekvat rockealbum, ikkje meir, skreiv eg. «Denne lid av det velkjende Lizzy-studio-trekket: mangel på ekte energi eller aggresjon. Månaden etter gjekk eg for å sjå Lizzy live ... Omtrent halvvegs i showet gjekk Phil inn i litt av ein diatribe mot rockekritikarar, og eg lurte på om han visste at eg var i publikum. Det viste seg at han gjorde det! På slutten av monologen trekte Phil berre litt på skuldrene og sa, med eit skeivt smil om munnen: «Men, same kva, denne neste songen er for Geoff Barton: Still in Love with You». Det var nok den mest audmjuke augneblinken i heile karrieren min.»[7]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Rosalie»Bob Seger3:11
2.«For Those Who Love to Live»Brian Downey, Phil Lynott3:08
3.«Suicide»Lynott5:12
4.«Wild One»Lynott4:18
5.«Fighting My Way Back»Lynott3:12
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«King's Vengeance»Scott Gorham, Lynott4:08
7.«Spirit Slips Away»Lynott4:35
8.«Silver Dollar»Brian Robertson3:26
9.«Freedom Song»Gorham, Lynott3:32
10.«Ballad of a Hard Man»Gorham3:14

Ommastra utgåve[endre | endre wikiteksten]

Ei ommastra luksusutgåva på ei dobbelplate av Fighting kom ut 12. mars 2012.

Plate to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Half Caste» (B-side til singelen «Rosalie»)Lynott3:39
2.«Rosalie» (Amerikansk albummiks) 2:57
3.«Half Caste» (BBC Session, 29. mai 1975) 3:52
4.«Rosalie» (BBC Session, 29. mai 1975) 3:15
5.«Suicide» (BBC Session, 29. mai 1975) 5:19
6.«Ballad of a Hard Man» (falsk start, ingen vokal) 4:08
7.«Try a Little Harder» (alternativ vokal)Lynott, Robertson4:08
8.«Fighting My Way Back» (uferdig miks med alternativ vokal) 3:24
9.«Song for Jesse» (ingen vokal)Lynott2:14
10.«Leaving Town» (akustisk, bass og trommer – ingen vokal)Lynott4:52
11.«Blues Boy»Robertson4:34
12.«Leaving Town» (utvida opptak) 5:52
13.«Spirit Slips Away» (utvida versjon – opptak fire) 5:31
14.«Wild One» (ingen vokal) 4:18
15.«Bryan's Funky Fazer (Silver Dollar)»Robertson3:38
Total lengd:61:41

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Rosalie» / «Half Caste» – 27. juni 1975
  • «Wild One» / «For Those Who Love to Live» – 17. oktober 1975
I USA og Canada, «Wild One» vart gjeven ut med «Freedom Song» som B-side, og i Hellas med «Rosalie» som B-side.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Thin Lizzy
Andre medverkande
Produksjon
  • Keith Harwood – lydteknikar og miksing
  • Jeremy Gee – assisterande lydteknikar
  • Gilbert Kong – mastering

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Svenske album (Sverigetopplistan)[8] 49
Britiske album (OCC)[9] 60

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Thin Lizzy Official Charts». Official Charts Company. Henta 15. februar 2018. 
  2. «Thin Lizzy - Suicide (Live)». YouTube. 22. februar 2008. Arkivert frå originalen 22. desember 2021. Henta 27. juli 2019. 
  3. Total Control. (LP cover). John Norum. CBS. 1987. CBS 460203 1. 
  4. Almost Unplugged (CD-hefte). Europe. Hell & Back. 2008. HBCD 100. 
  5. 5,0 5,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Thin Lizzy - Fighting review». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 22. april 2023. 
  6. 6,0 6,1 Popoff, Martin (October 2003). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 1: The Seventies. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 278. ISBN 978-1894959025. 
  7. Barton, Geoff; Dome, Malcolm; Kendall, Jo; Ling, Dave (February 2016). «The night I set Phil Lynott's todger on fire and other stories». Classic Rock (219): 57. 
  8. "Thin Lizzy – Fighting". Swedishcharts.com. Hung Medien.
  9. "Thin Lizzy | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.