Figuren Columbia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wake Up America! Civilization Calls Every Man Woman and Child!. Columbia på ein poster frå 1917 av James Montgomery Flagg.

Columbia er ein kvinneleg personifikasjon av USA, danna som ei nylatinsk feminin form av etternamnet til Christopher Columbus. Skikkelsen har også blitt brukt som symbol på heile Amerika, på fridom og sjølvstende. Columbia er blitt brukt som namn på ei rekkje amerikanske stader, organisasjonar og anna.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Den eldste bruken av namnet Columbia er kjend frå 1738,[1][2] då det blei brukt i ein britisk magasinartikkel som kommenterte ein utanriksdebatt i parlamentet. Ettersom det ikkje var lov å gje att slike debattar i avisene, blei nasjonane omtalte under andre namn i form av lett gjenkjennelege omskrivingar.

Edward Cave sitt The Gentleman's Magazine skreiv Reports of the Debates of the Senate of Lilliput med nokre namn tekne direkte frå Gulliver's Travels av Jonathan Swift (som Lillilput) og andre i klassisk eller neoklassisk stil. «Columbia» viste då til europeiske koloniar i «den nye verda».[3]

den amerikanske sjølvstendekrigen braut ut i 1776 hadde omgrepet blitt til eit poetisk namn for Amerika, tilsvarande Britannia som symbol for Storbritannia. Det blei brukt ein del i dikt, til dømes i eit dikt skrive av Harvard-studentar frå 1761 i samband med giftarmålet og kroninga til kong Georg III:[4]

Behold, Britannia! in thy favour'd Isle;
At distance, thou, Columbia! view thy Prince,
For ancestors renowned, for virtues more;[5]

Etter dei samtidige reglane for engelsk versekunst og uttale blei namnet rekna for å ha tre stavingar.

I 1775 skreiv den amerikanske journalisten og diktaren Philip Freneau eit meir konfliktfylt vers:[6]

What madness, Heaven, has made Britannia frown?
Who plans or schemes to pull Columbia down?

Symbol på USA[endre | endre wikiteksten]

Etter at USA blei sjølvstendig blei namnet «Columbia» brukt som stadnamn ei rekkje stader, som District of Columbia ved hovudstaden Washington og delstatshovudstaden Columbia i Sør-Carolina. Det tidlegare King's College i New York blei omdøypt til Columbia College, som seinare blei del av Columbia University. Eit skip bygd i Massachusetts i 1773 blei kalla «Columbia Rediviva» og gav seinare namn til Columbia River i Nordvest-USA og mykje seinare til romferja Columbia)

I 1798 skreiv Joseph Hopkinson ein tekst for Philip Phile sin «President's March» frå 1789 under den nye tittelen «Hail, Columbia». Dette blei ei stund brukt som de facto nasjonalsong for USA, og er no offisiell inngangssong for visepresidenten i USA.

Skikkelsen Columbia har ein nær slektskap til Marianne, som representerer Den franske republikken, og blir som henne ofte framstilt i frygisk lue, ei «fridomslue» frå den franske revolusjonen, men i farger og mønster frå det amerikanske flagget. Columbia kunne også framstillast som ein variant av den romerske fridomsgudinna Libertas.

Rundt 1920 byrja framstillingar av Fridomsgudinna å fortrenga Columbia som symbol på USA. Figurane har ein del likskapar, og er begge blitt kalla [Lady] Liberty.[6]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]