Fiksdal kyrkje
Utsjånad
| Fiksdal kyrkje | |||
| kyrkje | |||
Foto: Max Ingar Mørk/Riksantikvaren | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Møre | ||
| Prosti | Indre Romsdal | ||
| Sokn | Fiksdal | ||
| Fellesråd | Vestnes | ||
| Type | Langkyrkje | ||
| Arkitekt | Jacob Wilhelm Nordan | ||
| Material | tre | ||
| Innvigd | 1866 | ||
| Kyrkjegard | ligg ved kyrkja | ||
![]() Fiksdal kyrkje 62°36′58″N 6°51′35″E / 62.6162°N 6.8596°E | |||
| Wikimedia Commons: Fiksdal kirke | |||
Fiksdal kyrkje er ei langkyrkje i Fiksdal i Vestnes kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1866 og bygd i gotisk stil Ho er bygd i treverk (tømmer) av byggmeister Gjert Lien, Nordfjord. Arkitekt var Jacob Wilhelm Nordan. Ho blei restaurert i 1966 til 100-årsminne. Restaureringa vart leia av konservator Ola Seter. Kyrkja har 200 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Altartavla frå 1716 og preikestolen frå 1718 kom opphavleg frå kapellet ved Reknes hospital i Molde. I 1960 fekk kyrkja nytt pipeorgel. Tidlegare stod det eit eldre orgel i kyrkja frå 1923.[1]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Bygdene våre gjennom tidene. 1982. (om Fiksdal (Vestnes))
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Fiksdal kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Fiksdal kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
