Fildiskusjon:Prof oluf rygh.jpg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fotografen Ludvig Forbech døydde i 1942. Porterettet av Rygh er eit fotografisk verk, ikkje eit fotografisk bilete. Eineretten er difor ikkje forelda (han går ut i 2013), og fila må slettast. kjetil r 00:53, 21 mars 2007 (CET)

Kva er skilnaden på eit fotografisk verk og eit fotografisk bilete? Kva for lovheimel er bruka? Knut
Har lese om dette på no:Wikipedia:Retningslinjer for billedbruk/Fotografier Bokmålswikipediaen. Og eg forstår at kva som er fotografiske verk og kva som er fotografiske bilde er gjenstand for ein diskusjon som eg ikkje vil engasjere meg i. Likevel står ein bestemmelse att i Åndsverklova § 23, 3. ledd: Offentliggjort personbilde i form av fotografisk verk kan gjengis i skrift av biografisk innhold. Var det då rett å slette fila frå artikkelen om Oluf Rygh? (Dersom det var rett, så all ære til dei som passar på og gjer jobben sin). - Knut 09:03, 21 mars 2007 (CET)
Eg meiner å hugse frå tidlegare diskusjonar at § 23 ikkje gjev rett til bruk på Wikipedia, men eg kan ikkje grunngje det noko nærmare.
Grenseoppgongen mellom fotografiske verk og fotografiske bilete er ikkje noko for amatørar, men nettopp portrett vert halde fram som døme på fotografi som er verk.
For meg er det det heilt klårt at om same portrettet hadde vore laga som måleri eller teikning hadde alle sett at det var eit åndsverk. Fotografen har lagt ned den same kunstnarlege arbeidet (åndsverket) i komposisjonen av portrettet som det ein målar eller teiknar ville ha gjort.
--Jorunn 10:53, 21 mars 2007 (CET)

Attoppretta, det er no meir enn 70 år sidan fotografen døydde. --Knut (diskusjon) 7. januar 2013 kl. 20:23 (CET)[svar]