Filimonovoleike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Filimonovoleiker
Filimonovoleiker

Filimonovoleiker (russisk Филимо́новская игру́шка) er ein type russisk keramikk laga i Odojevskij distrikt i Tula oblast i Russland. Dei har namn etter landsbyen dei skal stamma frå, Filimonovo. Det er også knytta ei opphavssoge til leikene som seier at den fyrste som laga dei var ein rømling kalla Filimon.[1]

Leikene blir forma for hand av den blågråe lokale leira som blir kritkvit etter brenning.

Filimonovoleiker er ofte utforma som leirfløyter og kan sjå ut som stiliserte menneske, ryttarar og ulike dyr som bjørnar, storfe og hanar. Folk som held høns eller hanar er også ganske vanleg.

Kunstnarar måler figurane med anilinfargar i fargesterke motiv med striper, flekkar og sikksakkmønster eller ulike plantedelar. Menneskefigurane har enkle eller umåla ansikt.[2] Dei tradisjonelle fargane er raudt, gult og grønt.[2]

Leikene er blitt rekna som lukkebringande, og å blåsa i dei som fløyter kunne halda vekke vonde krefter.[1] Ansikt som var for naturtru kunne skapa redsle for det vonde auget.[2]

Det ligg eit større museum for filimonovoleiker i Odojev.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Filimonovskaya painting and patterns. History of the Filimonov toy», en.atomiyme.com, henta 6. oktober 2021 
  2. 2,0 2,1 2,2 «How Filimonov Toys Survive», English Russia (på engelsk), 15. april 2012, henta 6. oktober 2021 
  • Denne artikkelen bygger på «Filimonovo toy» frå Wikipedia på engelsk, den 3. oktober 2021.
  • Богуславская И. Я. Русская глиняная игрушка.—М.: Искусство, 1975.
  • Рогов А. П. Чёрная роза. Книга о русском народном искусстве.—М.: Современник, 1978.
  • Под ред. В. А. Барадулина Основы художественного ремесла.—М.: Просвещение, 1979.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Filimonovoleike