Filippo Turati

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Filippo Turati

Fødd26. november 1857
Canzo
Død29. mars 1932 (74 år)
Statsborgar avKongedømet Italia
PartiDet italienske sosialistpartiet
Yrkepolitikar, journalist, lyrikar, kriminolog, sosiolog
Utdanna vedUniversitetet i Bologna
Alle verv
  • medlem av Kongeriket Italias deputertkammer (1895–1897)
  • medlem av Kongeriket Italias deputertkammer (1897–1900)
  • medlem av Kongeriket Italias deputertkammer (1900–1904)
  • medlem av Kongeriket Italias deputertkammer (1904–1909)
  • medlem av Kongeriket Italias deputertkammer (1909–1913)
  • medlem av Kongeriket Italias deputertkammer (1913–1919)
  • medlem av Kongeriket Italias deputertkammer (1919–1921)
  • medlem av Kongeriket Italias deputertkammer (1921–1924)
  • medlem av Kongeriket Italias deputertkammer (1924–1929) Sjå dette på Wikidata

Filippo Turati (26. november 185729. mars 1932) var ein italiensk sosiolog, diktar og sosialistisk politikar.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Han var fødd i Canzo, i provinsen Como. Han studerte juss ved universitetet i Bologna, og tok del i ei kunstnarrørsle som poet. Hans Inno dei Lavoratori (Arbeidarhymne) vart då ho vart ton-sett den mest populære songen i den gryande arbeidarrørsla.

Turati vart interessert i politikk, og var tiltrekt av den generelt demokratiske rørsla før han slutta seg til meir spesifikt sosialistiske grupper. Det viktigaste sosiologiske arbeidet hans i denne perioden er Il Delitto e la Questione Sociale (Brotsverket og det sosiale spørsmålet), der han undersøkjer koss sosiale tilhøve påverkar kriminalitet. Han trefte Anna Kulisjov medan han arbeidde med ei undersøking av sosiale tilhøve i Napoli. Ho var i eksil frå tsar-Russland og var i lag med Andrea Costa, ein anarkistisk leiar som følgde henne då ho gjekk over til sosialismen. Costa sende då eit viktig brev til sine anarkistiske kameratar der han tok avstand frå denne rørsla. Kulisjov og Costa hadde brote med kvarandre då ho trefte Turati. Turati og ho vart straks forelska i kvarandre, og levde saman til ho døydde i 1925.

Partito Socialista Italiano[endre | endre wikiteksten]

Turati og Anna Kulisjov var dei viktigaste intellektuelle som var med då Det italienske sosialistpartiet (PSI) vart danna i 1892 (med namnet PSI frå 1895). Dei var reformistar, og meinte sosialismen kunne verkeleggjerast gradvis, først og fremst gjennom parlamentet, fagforeiningane og utdanning, og dei spreidde idéane sine gjennom bladet Critica Sociale. Dette var det viktigaste marxistiske bladet i Italia før første verdskrigen. Det vart stengd av Benito Mussolini under fascismen, men re-etablert etter andre verdskrigen, og kjem framleis ut.

I åra etter partiet var skipa, prøvde styresmaktene å undertrykkje det. Turati meinte at det var viktig å alliere seg med andre demokratiske krefter for å slå tilbake regjeringa sin reaksjonære politikk og fremje venstresida sine saker. I 1898 vart Turati arrestert og klaga for å vere ein inspirator for uro og vald i samband med prisauke på brød. Men han vart frigjeven året etter.

Under statsminister Luigi Pelloux vart landet styrt av svært konservative politikarar som vart møtte med sterk motstand frå venstresida, og i ved hundreårsskiftet vart dei konservative slegne i stor grad takk vere PSI. I 1901 vart den liberale Giuseppe Zanardelli ny statsminister og Giovanni Giolitti innanriksminister. Giolitti skulle dominere italiensk politikk til 1915. Dette liberale kabinettet risikerte å tape ei viktig avstemming i parlamentet, og då kunne ein meir konservativ politikar kome til makta igjen. Då gjekk Turati sterkt inn for at dei sosialistiske parlamentsmedlemene skulle stemme for Zanardelli-regjeringa, og han trassa partileiinga i dette spørsmålet.

Avstemminga sette kløyvinga i partiet mellom ei høgre- og ei venstrefløy på spissen, sjølv om den liberale regjeringa hadde gjeve arbeidarane streikerett og dette i sin tur førte til betra tilhøve for både land- og industriarbeidarar. Mellom 1901 og 1906 låg makta i partiet vekselvis hjå den reformistiske Turati-fløya og dei revolusjonære.

I 1912 tok dei revolusjonære over, mykje på grunn av sterke reaksjonar på den italiensk-tyrkiske krigen (1911-1912). Ein av desse revolusjonære, Benito Mussolini, tok over som redaktør av partiavisa Avanti!. Turati motarbeidde Mussolini, men greidde ikkje få han vekk frå redaktørstillinga. Turati gjekk imot deltaking i første verdskrigen, medan Mussolini då tok ei krigsvenleg haldning, og vart ekskludert frå PSI for å krevje italiensk tilslutning til vestmaktene i krigen.

Motstand mot fascismen[endre | endre wikiteksten]

Etter første verdskrigen skapte Mussolini dei paramilitære Fasci di combattimento og sidan det italienske fascistpartiet, Partito Nazionale Fascista, som kom til makta i 1922 etter «Marsjen mot Roma». Turati og Kulisjov, som kjende Mussolini godt, var viktige motstandarar av fascismen, og levde under konstante trugslar og overvaking. I ein serie talar åtvara Turati om at det radikale programmet PSI hadde fått i 1919 kunne føre til katastrofe, og han gjekk inn for alliansar med andre motstandarar av fascismen. I 1921 vart PSI kløyvd og kommunistpartiet PCI vart danna. I 1922 skipa Turati og folk rundt han ei ny gruppe, Det sameinte sosialistpartiet. I 1924 vart Turati sin politiske elev, partisekretæren Giacomo Matteotti, bortført og myrda av fascistiske paramilitære. Dette førte til ei politisk krise, men Mussolini reid stormen av, og i åra som følgde formaliserte han diktaturet sitt.

I 1926 flykta Turati frå Italia, i ei dramatisk flukt til Frankrike. I Paris var han sentral i den ikkje-kommunistiske antifascismen, og han reiste rundt i Europa og åtvara mot den fascistiske faren, som han meinte hadde vidtgåande konsekvensar. Han døydde i den franske hovudstaden i 1932.

Etter andre verdskrigen vart Turati si kiste overført til Cimitero Monumentale di Milano, der han er gravlagd attmed Anna Kulisjov.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]