Filippus Simonsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Filippus Simonsson
Fødd12. hundreåret
Død1217
Horten
LandNoreg
EktefelleKristin Sverresdatter

Filippus Simonsson baglarkonge eller Filip Simonssøn var baglarkonge frå 1207 til 1217.

Filippus var systerson av biskop Nikolas Arnesson. Etter at Erling Magnusson Steinvegg døydde i mars 1207 vart Filipus baglarane sitt kongsemne. Mellom han og birkebeinane sin konge, Inge II Bårdsson, kom det til forlik i 1208. Riket vart delt i tre. Filip skulle få Opplanda og ein del av Vika, men ikkje kongsnamn. Filip skulle få gifta seg med kong Sverre Sigurdsson si dotter Kristin. Forliket var inngått på Kvitsøy i Rogaland fylke hausten 1208. Av dette kjem namnet «Kvitsøyforliket».

Striden mellom baglane og birkebeinane i borgarkrigstida var då over, sjølv om det endelege forliket kom fyrst i 1217. Då Filip døydde i 1217 vart etterfylgjaren Håkon IV Håkonsson hylla av både baglarane og birkebeinane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]