Filipstad i Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Filipstad i Suecia antiqua et hodierna
John Ericssons mausoleum

Filipstad er ein tettstad i austre Värmland i Sverige. Han er administrasjonssenter i Filipstads kommun.

Filipstad ligg i ein dal mellom sjøane Lersjön og Daglösen. Mellom desse renn Skillerälven, som buktar seg gjennom sentrum, og forbi Nils Ferlin-statuen ved Stora torget.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Filipstad fekk byprivlegium 6. april 1611 og er i og med det den tredje eldste byen i Värmland, etter Karlstad og Kristinehamn. Staden er oppkalla etter prins Karl Filip som var son til Karl IX og bror til Gustav II Adolf.

Heilt sidan 1300-talet finst det tradisjon innom jern og gruvehandsaming som er grunnen til at området har blitt folkesett. I området fanst store naturrikdomar, og då gruveindustrien fekk eit oppsving på 1700-talet, voks Filipstad fram. I 1694 mista ein byprivilegia etter ein brann, og staden fekk dei ikkje tilbake før i 1835. Etter det voks staden i rask takt mellom anna takka vere at fleire føretak og institusjonar voks fram. Filipstads Bergsskola, som finst enno i dag, er mellom dei.

1904 er eit viktig årstal i Filipstad si historie. Då starta nemleg eit bakeri, som seinare fekk namnet Wasabröd, og som er den største knekkebrødsfabrikken i verda. Fabrikken har heile tida hatt mykje å seie for Filipstad, då den er tørste arbeidsgivaren der. Mange meiner at Wasa har hatt for stor tyding ved at ein ikkje har satsa på det øvrige næringslivet. OLW, som er stor innan snacksbransjen, er òg eit storføretak som ligg i Filipstad sidan 1968.

Den største marknaden i Sverige, Oxhälja, ligg i Filipstad. Han har ei historie attende til 1600-talet og går av stabelen den første helga i september kvart år. Kvart år vitjar oppimot 150 000 menneske Oxhälja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]