Filipstads kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Filipstads kommun
kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Värmlands län
Landskap Värmland
Areal 1 711,71 km²
 - land 1 534,03 km²
 - vatn 177,68 km²
Folketal 10 506[1] (2011)
Filipstad Municipality in Värmland County.png
Wikimedia Commons: Filipstad Municipality

Filipstads kommun er ein kommune i Värmlands län i landskapet Värmland og Dalarna. Centralort er Filipstad. Folketalet er 10 506 år 2011.

Administrativ historie[endre | endre wikiteksten]

I Rämmens landskommun fanst i åra 1946-1954 eit municipalsamhälle med namnet Lesjöfors. I 1950 braut ein del av Kroppa landskommun ut for å danne Storfors köping (sjå vidare Storfors kommun). Det gjenverande held fram som landskommun fram til 1970.

Ved kommunereformen 1952 vart Värmlandsbergs landskommun oppretta gjennom samanslåiing av kommunane Brattfors, Gåsborn, Färnebo og Nordmark. Denne kommunen vart i 1971 slått saman med Filipstads stad i tillegg til Kroppa og Rämmens landskommunar for å danne Filipstads kommun. Den nordlegaste delen av Rämmens församling høyrte i eldre til Äppelbo socken og vart rekna til landskapet Dalarna.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: I fält av silver en riddare, klädd i blå rustning med uppfällt visir och med naturfärgat ansikte samt sittande på en gående röd häst med beväring och mundering av guld.

Våpenet vart faststilt 1945 for Filipstads stad og går tillbake på eit sigill frå 1630-talet. Etter kommunedanninga i 1971 fantest òg Kroppas og Värmlandsbergs våpen som kunne inngå i det nye, men ein registrerte det gamle stadsvåpenet uendra for kommunen i PRV 1975.

Kjende personar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]