Filefjell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fillefjell)
Filefjell
fjell
E16 ved Kyrkjestølane
Foto: Erik den yngre
Land  Noreg
Fylke Vestland, Innlandet
Kommune Lærdal, Vang
Kart
Filefjell
61°9′ N 8°15′ E

Filefjell er eit fjellområde mellom Lærdal i Vestland og Valdres i Innlandet i Noreg.

Historisk gjekk hovudvegen mellom Vestlandet og Austlandet over Filefjell, i dag går også hovudvegen mellom Oslo og Bergen, E16, langs denne traseen.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Filefjell, stundom skrive Fillefjell, kan vere eit dobbelt namn sidan ein meiner «file» kan kome frå det norrøne «Fjáll», som er opphavet til ordet «fjell». Filefjell kan altså tyde «Fjellfjell».

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Filefjell er delt mellom fylka Sogn og Fjordane og Oppland. I nord grensar fjella til den vestlege delen av Jotunheimen og i sør møter dei grensa til Buskerud. E16 kryssar fjellet og når det høgaste punktet ved Vardin (1013 meter over havet). Vegen følgjer ein dal gjennom fjellområdet og er på grunn av dette stundom verna mot uvêr i fjellet på vinterstid. Vegen er derfor relativt sjeldan stengd på grunn av vind og snø samanlikna med dei andre stamvegane mellom vest og aust.

På begge sider av dalen går terrenget bratt opp til platå med rullande åsar og mange innsjøar til om lag 1300 meter over havet. Den høgaste toppen i fjellområdet er Høgeloft på 1920 meter over havet.

Biologi[endre | endre wikiteksten]

Plante- og dyrelivet på Filefjell er stort sett det same som i del fleste andre norske fjellområde. I hovuddalen veks bjørk og piletre opp til om lag 1200 meter over havet. Høgare oppe kan landskapet skildrast som ein tundra, og mose og forskjellige former for lyng dominerer.

Rype, hare, rev og stundom jerv og elg lever i fjellet. Filefjell har òg mange ville reinsdyr. I 1990-åra prøvde ein å starte med reindrift på Filefjell, men prosjektet vart seinare lagt ned. Delar av reinsdyrflokken vart derimot verande igjen for at han skulle blande seg med den opphavlege reinen. Innsjøane i området har bestand av aure.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kongevegen sett frå Murklopphøgda mot Nystuen og Støgunose, teikning av Wilhelm Maximilian Carpelan ca.1820

Folk har nytta Filefjell sidan steinalderen. Reinsdyrjegarar grov holer i bakken for å fange dyra og desse er framleis synlege. Ein har òg funne pilspissar frå same periode.

Smedalen er den viktigaste dalen i området. Namnet kjem av ordet smed, og det er funne spor etter jernproduksjon frå jernalderen. Gravhaugar frå same periode er òg funne.

Kongevegen er namnet på ein gammal sti over Filefjell. På grunn av noko våtare og myrlendt terreng i dalbotn gjekk den gamle stien lenger opp i åsane enn den moderne asfaltvegen gjorde. Kongevegen vert i dag nytta som tursti. Vegen er kalla opp etter kong Sverre I av Noreg som reiste her med hæren sin. Vegen fekk offisiell status som hovudveg i 1791. Som vegsjef for heile Austlandet tok Peder Anker ansvar for den nye kongevegen mellom Christiania og Bergen.[1] Dette vart den første køyrbare vegen over fjellet mellom Austlandet og Vestlandet, dagens stamveg mellom Oslo og Bergen, E16, følgjer i stor grad same trase mellom Fagernes og Lærdal. På det meste hadde vegmeister Krohn 25 soldatar og over 100 utkommanderte bønder i arbeid med den nye køyrevegen som stod ferdig i 1793.[2]

Før kongevegen over Filefjell var dei indre fjelltraktene nokså ukjente for byborgarane. Johannes Flintoes og Carpelans teikningar er dei første kjente bileta av det vi i dag kallar Jotunheimen.[3] Dei viste fram «landets egentlige charateristiske skjönne Fjeld- og Alpenatur» og dei «vildeste og mest maleriske Fjeldegne» i område som var «hidtil saa lidet bekjendte Enge».[4] Chrisopher Hansteen skreiv at han her kunne reise på oppdagingsferd med same hell som «i det indre af Afrika eller Ny-Holland» og «her i disse ophøiede og vidtløftige Ørkener throner den sande Alpenatur» i ein rapport frå 1812 hos Norges Vel.

Maristova (bygd etter ordre frå Dronning Margrete rundt 1390) og Nystuen i Vang (først nemnd i 1627, men truleg mykje eldre) var skysstasjonar for dei reisande langs vegen. Bestyrarane av desse stasjonane fekk betaling av kongen for å hjelpe dei reisande og gje dei ly. Dette varte til 1830.

I Smedalen har det vore, og framleis er, meieridrift om sommaren. Geiter, kyr og sauer beitar på dei rike fjellengene og geitost vert framleis seld enkelte stader.

Midt i Smedalen, ved Kyrkjestølen, ligg St. Thomas-kyrkja. Ein meiner at denne vart bygd på eit heidensk tempel. Staden var ein møteplass for folk frå Sogn, Valdres og Hallingdal, som møtte kvarandre for å utføre Blót på midtsommaren og for handel. Då kristendomen kom vart hoven bygd om til ei kyrkje, men tradisjonane endra seg lite. Ein veit lite om dette før kyrkja vart bygd om på 1600-talet.

Folk byrja å tru at kyrkja hadde lækjande evner og at syndarar kunne verte tilgjevne her. Mange reiste derfor til kyrkja for messe den 2. juli. Men hovudattraksjonen var marknaden, der sild og andre varer frå sjøen vart byta mot innlandsvarer som pels. Hestehandel var òg ein del av marknaden. Drikking, slossing, speling, valdtekter og mord var ikkje uvanleg på desse marknadane. Det er sagt då konene pakka sekken til mennene sine, så pakka dei òg likskjorta deira. I 1808 var prestane gått så lei av denne aktiviteten at dei kravde kyrkja riven ned og at marknaden vart nedlagd. Ei moderne kyrkje vart reist på same stad i 1971.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Filefjell vert i dag hovudsakleg nytta til fritidsaktivitetar. Fiske, jakt, turar og skigåing er populært her. Mange hytter har vorte bygd dei siste 30 åra. Fleire hotell vert nytta av turistar som kjem hit for å gå på ski i fjellet eller for å nytte skianlegget som ligg her.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Frydenlund, Bård (2009): Stormannen Peder Anker. En biografi. Oslo: Aschehoug.
  2. Hvattum, Harald (1993): På gamle vegar i Valdres. Vegbygging, vegvedlikehald og vegstyring i Valdres fram til slutten av 1800-talet. Fagernes: Valdres forlag og Valdres folkemuseum.
  3. Danbolt, Ingrid Fuglerud (2009): En offiser og kunstner i de norske fjell. Masteroppgåve i kunsthistorie, Universitetet i Oslo, Humanistisk fakultet.
  4. Slagstad, Rune (2008). (Sporten). En idéhistorisk studie. Oslo: Pax forlag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 61°09′N 8°15′E