Fillmore East – June 1971

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fillmore East - June 1971)
Fillmore East – June 1971
Konsertalbum av The Mothers
Utgjeve 2. august 1971
Innspelt Fillmore East i New York City,
5.-6. juni 1971
Sjanger Komedierock, jazzfusion, hardrock, progressiv rock
Lengd 43:11
Selskap Bizarre/Reprise
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi 
Chunga's Revenge
(1970)
Fillmore East – June 1971 200 Motels
(1971)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]
Robert ChristgauC–[2]

Fillmore East – June 1971 er eit konsertalbum av The Mothers, som kom ut i 1971. Det er det 12. albumet i diskografien til Frank Zappa og vart produsert av Zappa og miksa av Toby Foster.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frank Zappa i Fillmore East, 5. juni 1971, under innspelinga av albumet.

Fillmore East – June 1971 var eit live konsept-aktig album. Det var ein snik-kikk bak teppet til eit rockeband på turné fortalt av Frank Zappa og inneheld mange tematiske element som på grunn av tid og mange på pengar ikkje kunne takast med i den liknande filmen 200 Motels. Den mest kjende delen av albumet er «The Mud Shark», ei soge fortalt til Don Preston av somme medlemmar av Vanilla Fudge om eit hteoll, Edgewater Inn i Seattle, der gjestene kunne fiske frå romma sine. I soga vert ein pigghå (mud shark på engelsk) fanga av ein av karane i Vanilla Fudge eller scenearbeidarane deira, og i lag med ein groupie og eit filmkamera, utartar det heile seg. Sjølv om det ikkje vert fortalt i «The Mud Shark», omfatta denne hendinga frå 1969 òg Led Zeppelin-trommeslagaren John Bonham og turnemanageren deira Richard Cole, medan Vanilla Fudge-songaren Mark Stein styrte kameraet.

Frank og the Mothers skildrar så stereotype, egoistiske rockemusikarar som «forhandlar» med ein groupie og venene hennar om ein kjapp «tur i høyet». Jentene vert fornærma fordi bandet trur dei er groupiar og at dei vil ligge med bandet berre fordi dei er musikarar. Dei har ein viss standard, og vil berre ligge med ein fyr i ei gruppe med ein «stor hitsingel på listene» og som er «velutrusta». I «Bwana Dik» forsikrar songaren Howard Kaylan jentene om at han er utstyrt meir enn deira «villaste Clearasil-dekte fantasiar» kan tenkje seg. Og for å sikre at dei følgjer standarden til desse jentene, syng bandet Turtles (som Kaylan, Volman og Pons hadde vore medlem i) sin hit «Happy Together». Albumet endar med eit ekstranummera «Peaches en Regalia» og «Tears Began to Fall».

Då albumet kom ut på CD av Rykodisc, vart «Willie the Pimp, Pt. 2» fjerna frå sporlista. Denne var attende på CD i ei nyutgjeving i 2012.[3] På CD-utgåva vart òg det siste minuttet av «Latex Solar Beef» plassert i byrjinga av «Willie The Pimp Part One», slik at denne vart lenger. Det er uklårt om dette vart gjort med vilje eller ikkje.[4]

Som eit ekstranummer på ein av dei to konsertane i Fillmore East dukka John Lennon og Yoko Ono opp for å spele ein halvtime med bandet. Denne delen av showet vart gjeven ut under Lennon sitt namn på ei plate kalla Live Jam, inkludert som ei bonusplate med Lennon-albumet Some Time in New York City. Dette kan ein òg høyre på Zappa-plata Playground Psychotics frå 1992.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Frank Zappa, utanom der andre er nemnte.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Little House I Used to Live In»4:58
2.«The Mud Shark»5:16
3.«What Kind of Girl Do You Think We Are?»4:51
4.«Bwana Dik»2:27
5.«Latex Solar Beef»4:22
6.«Willie the Pimp, Part One»2:50
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Willie the Pimp, Part Two» 1:54
8.«Do You Like My New Car?» 7:08
9.«Happy Together»Garry Bonner, Alan Gordon2:57
10.«Lonesome Electric Turkey» 2:34
11.«Peaches en Regalia» 3:22
12.«Tears Began to Fall» 2:46

Alle songar er skrivne av Frank Zappa, utanom der andre er nemnte.

CD-utgåve
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Little House I Used to Live In» 4:41
2.«The Mud Shark» 5:22
3.«What Kind of Girl Do You Think We Are?» 4:17
4.«Bwana Dik» 2:21
5.«Latex Solar Beef» 2:38
6.«Willie the Pimp, Parts One & Two» 4:03
7.«Do You Like My New Car?» 7:08
8.«Happy Together»Garry Bonner, Alan Gordon2:57
9.«Lonesome Electric Turkey» 2:57
10.«Peaches en Regalia» 3:22
11.«Tears Began to Fall» 2:45

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsent: Frank Zappa
  • Lydteknikar: Barry Keene
  • Miksing: Toby Foster
  • Mastering: Toby Foster
  • Plateomslag: Cal Schenkel

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1971 Pop Albums 38

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Huey, Steve (2011). «Fillmore East: juni 1971 - Frank Zappa & the Mothers | AllMusic». allmusic.com. Henta 4. juni 2014. 
  2. Christgau, Robert (oktober 14, 1971). «Consumer Guide (19)». The Village Voice (New York). Henta 4. juni 2014. 
  3. [1][daud lenkje]
  4. Release details

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]